Velkommen til Volda!
BUP poliklinikk Volda har ledig fast 100% stilling for lege i spesialisering.
Vi er ein del av avdeling for psykisk helsevern barn og unge, som er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Avdelinga er godkjent utdanningsinstitusjon i spesialiteten barne- og ungdomspsykiatri.
Poliklinikken i Volda er organisert i tverrfaglege team: akutt/ambulant team, småbarnsteam og generalistteam. I tillegg er vi i ferd med å etablere eit ADHD-/autismeteam.Vi tilbyr spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT, EMDR, PEF, MBT- indivual- og gruppeterapeutisk tilbod, gruppebehandling for angst (Cool Kids), samt pasient- og pårørende opplæringstilbud. Avdelinga har faglege nettverk på tvers av poliklinikkane i forhold til psykose, spiseforstyrringar, vald og overgrep, personlegdomsproblematikk og akuttarbeid.
Som LIS ved BUP Volda vil du arbeide i tverrfagleg team med overlege og psykologspesialist. Poliklinikken har 4 overlegestillingar og 2 LIS-stillingar.
Poliklinikken har eit ivaretakende og godt arbeidsmiljø, med mykje godt humør og arbeidsglede. Vi strekker oss langt for at våre LIS skal få best mogeleg faglege utviklingsforhold.
For meir informasjon om spesialiseringsløpet: https://helse-mr.no/fag-og-forsking/utdanning-og-kompetanseutvikling/leger-i-spesialisering-lis/barne-og-ungdomspsykiatri/spesialisering-i-barne-og-ungdomspsykiatri-ved-kristiansund-sjukehus
Vi ber om at attestar/tenestebevis frå evt andre arbeidsforhold bli skanna inn som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og ungdom med ulike type psykiske lidingar og utviklingsforstyrringar
- Somatiske undersøkingar og medikamentelle vurderingar
- Pårørende- og familiesamtalar
- Medverke fagleg gjennom undervisning og teamarbeid
- Ta del i arbeid med pasienttryggleik, systematisk kvalitetsarbeid og kontinuerleg betring av verksemda
- Samhandling med kommunene, bistå med rådgjeving og vegleiing.
- Ambulant behandling der det er hensiktsmessig
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon som lege, samt godkjent LIS del 1/turnusteneste etter gammal ordning
- Legar uten LIS del 1 kan søkje midlertidig stilling
- Du må meistre norsk (evt. dansk/svensk) muntleg og skriftleg
- Den som får tilbod om stilling må legge fram godkjent politiattest (vandel) jfr. Lov om helsepersonell §20a.
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupper
- Du må kommunisere godt med pasientar og medarbeidarar
- Du må kunne arbeide strukturert og målretta
- Du må vere personleg eigna for stillinga, og intrykk frå intervju vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Høg fagleg standard, der BUP vil tilrettelegge for at tenesta også skal verte relevant for praksis i allmennmedisin
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og respekt
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- LIS i allmennmedisin vil etter behov kunne halde fast ved sin hovudveiledar frå allmennmedisin, men avdeling BUP vil i tillegg oppnemne veiledar som er spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
- BUP vil legge til rette for deltaking i relevante kurs som gir auka kompetanse både innan barne- og ungdomspsykiatri og spesialiteten allmennmedisin. Eksempel på dette kan være klinisk emnekurs i psykiatri, eller avgrensa terapikurs rettet mot behandling av dei vanlegaste psykiske lidingane hos barn/unge som ein også kan behandle i allmennpraksis
- Gode rammer for faglig utvikling med:
*Vekentleg rettleiing av spesialist
*Strukturert utdanningsstilling med deltaking i lokal og regional undervisning
*Individuell utdanningsplan ved tilsetting
*Vanleg dagarbeidstid 0800 -1600
*Gode høve til å ta initiativ til, eventuelt delta i allereie oppstarta, fagleg utviklingsarbeid og forsking
*4 timar fordjuping i veka
*Vekentlege legemøter, internundervisning i lag med LIS og overleger
*Faste regionale samlinger med andre LiS i Midt-Norge
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår