Radiologisk avdeling Ålesund har ledig fleire stillingar for overlegar med spesialitet innan radiologi.
Radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus søker fleire kollegaer med interesse for faget og som trives med eit høgt arbeidstempo!
Vi har ledig både 2 faste stillingar og 3 vikariat. Det er og høve for midlertidig tilsetting om du berre vil jobbe ei periode hos oss. Ta gjerne kontakt så kan vi tar en nærmere prat om moglegheitene vi har. Startdato kan avtalast.
Radiologisk avdeling ved Ålesund sykehus har 20 legestillingar, derav 8 er LIS og 12 er overlegar, med eit stadig økande behov for fleire radiologar. Avdelinga har ein god kombinasjon av unge og erfarne overlegar, eit hyggeleg sosialt miljø og engasjerte kollegaer. Vi søker deg som liker faglege utfordringar, er læringsvillig og kan bidra positivt både fagleg og sosialt inn i legegruppa.
Avdelinga har høg produksjon og utfører diagnostikk innan modalitetene CT, MR, UL og konvensjonell røntgen, i tillegg til generell intervensjon CT og UL. Vi har ein topp moderne intervensjonslab der det blir gjennomført både generelle og avanserte intervensjonar som blant anna EVAR. Ålesund har også brystdiagnostisk senter der vi utfører screening og kliniske undesøkelsar. Vi dekker på dagleg basis fagområder innanfor lunge, hjerte, urologi, gastro, gynekologi, muskel- og skjelett, barn, nevro/ØNH, og brystdiagnostikk. Overlegegruppa inngår i vaktsystem som generell bakvakt med heimevakt natt der LIS er tilstades på avdelinga 24/7.
Vi ønsker ein arbeidsplass som har høg fagleg kvalitet der ansatte er delaktig i utviklinga. Kurs og kongresser innanfor relevante fagområder er ein prioritet.
Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktiviteter både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast! Med Ålesund som utgangspunkt har du kort vei til høge fjell og sjø, samt umiddelbar nærleik til flyplass (ca 25 min fra sjukehuset) som byr på gode høve for å nå destinasjonar i både innland og utland.
Sjå også: https://www.visitmr.com/
Virker dette spanende? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
I tillegg til søknad og CV, ber vi om at du legger ved dokumentasjon på arbeidserfaring, referanser og spesialistgodkjenning. Dette for å dokumentere kvalifikasjonar som fremkjem i CV og til å fastsette lønn. Opplys i søknaden om du søker på fast stilling eller vikariat/midlertidig stilling.
Vi tek sikte på å intervjue aktuelle kandidatar fortløpande etter kvart som søknadene kjem inn. For vikariat/midleridig stilling vil fortløpande tilsettingar vurderast.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål rundt stillingane.
Helse Møre og Romsdal HF ønsker at våre medarbeidere skal gjenspeile befolkningens mangfold og vi oppfordrar kvalifiserte til å søke hos oss, uansett kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det samme gjelder dersom du har hatt eit opphold i arbeidslivet.