Har du lyst å jobbe med ein spanende spesialitet og samtidig ha ei "snill vaktordning" ? Då må du søke denne stillinga.
Vi har ledig 2 faste stillingar for Lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering frå snarast og frå 1. mars 2024 eller etter avtale. Stillingane er ved Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som tilhøyrer Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 24 senger + 4 senger på pasienthotellet. Pasientgruppene som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/ eller kognitive funksjonsnedsettelser som følge av skade/ sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjoner. Seksjonen yter også ambulante tjenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til disse pasientgruppene. Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inklusiv HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett arbeid i tverrfaglege team på både sengepost og poliklinikk.
Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR
Ålesund sjukehus ligg omkransa av majestetiske fjell og innbydande fjorder og du kan oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Byen Ålesund er kåra til ein av dei vakraste byane i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Les meir om Ålesund og omland her