Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Er du vår nye fastlege?
Det er to ledige stillingar som fastlege i Fitjar kommune frå 1. januar 2024. Stillingane har eit listetak på 900 pasientar. Til stillingane føl kommunale oppgåver i inntil 7,5 time per veke med tilsynsfunksjon på sjukeheimen. Det er valfritt om du vil vera kommunalt tilsett med fastløn eller sjølvstendig næringsdrivande.

Fitjar legekontor har til saman tre fastlegar og ein LIS1 lege. Kommunen er godkjend utdanningsverksemd, og kan tilby varierte og interessante oppgåver med moglegheit for fagleg utvikling. Fitjar kommune er registrert utdanningsverksemd og tilbyr ALIS avtalar.

Kontoret er kommunalt drevet med tilsett sjukepleiarar og helsefagarbeidar. Som fastlege i Fitjar kommune deltar du i daglegevakt kvardagar frå klokka 08-15, og i interkommunal legevakt på kveld, natt, helg og høgtid. Den interkommunale legevakta er eit samarbeid mellom 3 kommunar, og den er lokalisert i eit eige bygg like ved Stord sjukehus. Du kan her pårekna ca. 40 vakter fordelt på årsbasis.

Fitjar kommune søkjer deg som:
  • Har norsk autorisasjon som lege.
  • Har fullført LIS1.
  • Kan norsk eller eit nordisk språk godt, både munnleg og skriftleg.
  • Har god kommunikasjonsevne med pasientar, pårørande og samarbeidspartar.
  • Har interesse for fagutvikling og vilje til tverrfagleg samarbeid.
  • Bidreg til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering.
  • Har grunnleggjande brukarkunnskap til IKT-verktøy.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.
  • Har høg arbeidskapasitet og er påliteleg.
 Fitjar kommune tilbyr:
  • Opparbeidd liste med moglegheit for å auke opp listetak om ønskjeleg.
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.
  • Flotte tilhøve for drifta med nytt kommunalt legesenter med kommunalt støttepersonell.
  • Tilrettelegging for fagleg utdanning ved deltaking på relevante kurs.
  • Bistand med å finna bustad.
  • Rettleiing for ALIS av spesialist i allmennmedisin på legekontoret.
  • Moglegheit for bruk av ultralyd.
  • For kommunalt tilsette får du 12 kompensasjonsdagar, og du får betalt ut 17 % av HELFO refusjonar for pasientbehandling.
  • Pensjons- og forsikringsordning i KLP for kommunalt tilsett lege.
  • Månadleg internundervisning og daglege morgonmøter med låg terskel for faglege drøftingar
  • Om du ønskjer næringsdrivande praksis tilbyr kommunen 8.2 avtale.  Legen tiltrer ein fastlegepraksis på 900 pasientar vederlagsfritt. Dette inneber at legen fråskriv seg sin rett etter ASA 4310 punkt 5.6 til å overdra sin praksis. Kommunen betalar  honorar for fråvær grunna sjuke barn i inntil ti dagar per år, med kroner 5000,- per dag. Er du under ALIS-laup, blir det tilrettelagt for spesialisering i allmennmedisin – ALIS.  Kommunen søkjer tilskot hjå Helsedirektoratet for ALIS,  som skal dekke kursutgifer, praksiskompensasjon mm under spesialiserings laupe
Tilsetjingsvilkår
  • Tilsetting av fastlegeheimel skjer etter dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av gjeldande lov og avtaleverk (ASA 4130). Kommunen si tildeling av avtaleheimel er enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Vedtak blir fatta av kommunen.
    Vilkår for overtaking må avtalast med kommunen dersom ein søkjer som næringsdrivande.
    Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Relevant erfaring vil bli vektlagd saman med personlege eigenskapar. Det vert lagt vekt på fagleg dugleik, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet. Nyutdanna som stettar krav til fastlegeheimel blir òg oppmoda om å søkja. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest.
  • For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med kommuneoverlege Anne Lise Haukås (telefon 926 888 96), eller etatsjef for helse- og omsorg Anne Økland (telefon 909 86 971).
     
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Fitjar kommune
Kontaktperson
Navn: Anne Lise Haukås
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 926 888 96
Arbeidssted
Fitjar legesenter
Gamle Havnavegen
5419 FITJAR
Søk på stillingen