Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Er du (eller blir du snart) spesialist i nevrologi og har stor interesse for faget?
Haugesund sjukehus lyser no ut stilling som overlege ved Nevrologisk Avdeling. Vi ønskjer oss ny kollega som bidreg til vidare utvikling av avdelinga. Vi treng  generell nevrolog, men vi har fordelt dei ulike fagfelta blant overlegegruppe. Ønskjer oss gjerne ein kollega med spesial interesse innan epilepsi,
auto-immunsjukdommar eller nevromuskulære lidingar, men om du har anna interesse kan det også vere aktuelt. Vi vil leggje tilrette for vidare utdanning om det er behov for det.

Nevrologisk seksjon er organisert som ei eiga avdeling i medisinsk klinikk, saman med indremedisinske seksjonar, akutt mottak, habilitering og pediatri. 

Seksjonen har poliklinikk, nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 8 senger til generell nevrologi og 6 senger til slagpost. På poliklinikken har vi generell poliklinikk og tverrfagleg spesialpoliklinikk for dei ulike pasientgruppene.  I seksjonen har vi for tida 8 overlegestillingar og 8 LIS 3 stillingar og vi er i stadig utvikling. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt samarbeid med andre avdelingar ved sjukehuset.

Sjukehuset har ei aktiv forskingsavdeling og ei radiologisk avdeling med mellom anna MR og DATscan.
Vi har godt samarbeid med dei andre nevrologisk avdelingar i Helse vest og deltek i fleire studiar.

Haugesund har mykje å tilby innbyggjarar sine . Byen har eit rikt kulturliv og gode moglegheiter for friluftsaktivitetar både på vatn og i fjella.

Vi ser fram til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Overlege jobbar saman med LIS på sengepost og har eigen poliklinikk
  • Undervisning og rettleiing av LIS
  • Det er for tida 6-delt vakt for overlegane, men det blir planlagt 7- eller 8-delt vakt etter nye tilsetjingar. Aktiv vakt fram til kl 20.00 for overlegar;
  • Det er døgnkontinuerleg tillatevakt for LIS
  • Dersom søkjaren har godkjenning som nevrofysiolog kan det bli aktuelt med kombinert nevrolog-/nevrofysiolog stilling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som nevrolog er eit krav
  • Det er eit krav at du meistrar norsk godt, skriftleg og munnleg
  • Kandidater som snart er ferdig som spesialist og kan konstituerast, er også velkomne til å søkje

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein entusiastisk og omgjengeleg nevrolog som vil bidra til vidare utvikling av avdelinga
  • Du har god motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Høy arbeidskapasitet
  • Fokus på kvalitet
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Arbeids- og lønnsvilkår blir avtalt på grunnlag av gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Sjukehuset kan hjelpe til med å skaffa personalbustad; Det er ingen problem i Haugesund Kommune å få barnehage plass
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Deltid stilling kan drøftast om ønskjeleg

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Kirsten Solstrand
Tittel: Avdelingsleder
Telefon: 94827389
E-post: kirsten.solstrand@helse-fonna.no
Navn: Olga Birkeland
Tittel: Ovelege
E-post: olga.birkeland@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologisk avdeling,  Helse Fonna HF
Haugesund Sykehus
5504 haugesund