Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod. Vi har nå tilsatt seksjonsoverlege og psykologspesialist. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med ein psykiater og psykologspesialist. Du vil i stor grad kunne være med å utforme behandlingstilbodet, og påvirke korleis vi yter tenestene til pasientgruppa.

Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelene Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med omlag 80 000 innbyggjarar over 18 år.
Bjørgvin DPS har i 2023 eit budsjett på 152 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 156 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS søker etter ein fagleg, engasjert og dyktige overlege i 100% faste stilling til fagområdet psykose. Stillingen gir rom for alternativ tenkning knytta til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide intensivt i periodar for så å ha fri i periodar på inntil 14 dagar samanhengande. I friperiodane vil det vere noko ubunden arbeidstid som legen nyttar til førebuing. Legane styrer sjølve denne arbeidstida. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming.

Arbeidsoppgåver

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
*  Spesialisert utredning og differensiert behandling
*  Opplæring av pasientar og pårørande
*  Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
*  Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrkje spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben

Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:
* Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS konsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet
*  Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har totalt 170 pasienter i behandling

Bjørgvin psykose døgnbehandling:
*  Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskuelutdanna personale med videreutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk

*  Totalt har seksjonen 15 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med spesialitet i allmennmedisin og sosionom

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri 
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykose
  • Ønskeleg med erfaring frå rettleiing av LIS

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    Mangfaldserklæring
    Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Wenny Bernes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Nils-Olaf Steinstø
Tittel: Psykologspesialist fagleg ansvarleg
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: +47 55 95 70 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern / Bjørgvin distriktspsykiatriske senter, Helse Bergen
Tertnesveien 37
5113 Tertnes