Barn- og ungdomsavdelinga er ein del av medisinsk klinikk og omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødtintensiv eining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet. Avdelinga har ei 100 % stilling som LIS 2/3 ledig frå 01.10.2023 til 31.12.2024, med moglegheit for forlenging.
Vi har for tida 9 overlegestillingar og 8 legar i spesialisering. LIS går 8-delt vakt.
Barn sengeeining har 10 senger for barn 0-18 år og nyfødtintensiv eining har 8 senger for sjuke nyfødde og premature frå 28 veker. Nyfødtintensiv flytta inn i nyoppussa lokaler hausten 2022. Vi dekkjer også sjukehuset si barnehabiliteringsteneste.
Vi har godt samarbeid med Universitetssjukehusa i Bergen og Stavanger. Avdelingen deltar i desentral undervising av medisinarstudentar frå Universitetet i Bergen. Vidareutdanning vil skje ved henholdsvis Haukeland Universitetssjukehus eller Stavanger Universitetssjukehus etter nærmare avtale.
Velkommen til Haugesund!
Haugesund er ein by der du kan oppleve noko av det beste Norge har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord- og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie.
Byen har eit rikt liv med fleire festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing. Haugesund er ein by med mange opplevingar på menyen.
Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane. Bergen når du på ca 3 timar, medan Stavanger bare er 1,5 time unna. Haugesund / Karmøy har eiga lufthamn med fly til nasjonale og internasjonale destinasjonar.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.