På jakt etter eit spanande fagfelt, ei avdeling der "dørene står åpne" - og rykande fersk kaffe frå Moccamasteren? Les vidare!
Har du fått høyre at du er analytisk og med eit godt fagleg skjøn? Då bør nevrologisk avdeling ved Molde sjukehus vere ditt førstevalg når vi no planlegg overgang frå 10-delt til 12-delt sekundærvaktsystem.
Vi kan love fagleg breidde og berøringsflater mot både indremedisin og geriatri, dei andre "hode-hals-faga", ryggkirurgi og psykiatri. Mange av sjukdommane i hjerna og nervesystemet treff ein regelmessig i allmennpraksis – som ALS, Parkinson, MS, infeksjonar og svulstar, hodepine, hjerneslag og epilepsi. Anamnestisk detektivarbeid og klinisk undersøkjing gjev deg diagnosa som vert underbygd av funn ved spinalpunksjon, nevrografi, EMG, EEG og biletdiagnostikk.
Det kjem stadig nye behandlingsmetodar, ikkje minst av den grunn er slagbehandling organisert med eigen seksjonoverlege i seksjonen. Vi er einaste vaktberande nevrologiske avdeling i Møre og Romsdal, med eit opptaksområde på 270.000 innbyggjarar.
I Molde får du tilgang på både fjord, fjell og det urbane. 45 minutt med direktefly til og frå både Oslo og Bergen, flyplassen ligg i byen.
Sjukehuset ligg sentrumsnært, ingen pendling nødvendig. Eit moderne felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er innflyttingsklart på Hjelset ved Molde sommaren 2025, med bynær poliklinikksatellitt og tverrfagleg ryggpoliklinikk i eigne lokalar.