Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kan du tenkje deg å bli ein del av vårt team ved kirurgisk avdeling Ålesund?

Vi driv aktivt med forskning, 3 overlegar har doktorgrad. Vi er den største kirurgiske avdelinga i HMR og har mellom anna ansvar for kar- og mamma endokrinkirurgi samt nyrekirurgi for heile fylket. Det utførast colorectalkirurgi med ca 50 operasjonar for cancer recti og ca 120 for ca coli per år. Vi er pt 15 overlegar, 11 LIs 2/3 og 14 LIS 1.

Vi har følgande ledige stillingar: 

  • LIS 3 urologi vikariat- 1 år oppstart etter avtale
  • LIS 3 mamma/endokrinkirurgi vikariat i perioden 06.02.24- 01.09.24 
  • LIS 3 gastrokirurgi vikariat frå snarast tom 01.09.23
  • LIS 2 vikariat frå snarast tom 01.09.23
  • LIS 2 vikariat frå 01.03.24 i 6 månader
  • LIs 2 vikariat frå 01.09.23 i 6 månader 

Ved intern tilsetjing kan andre vikariat som LIS 2 bli ledig.

NB! Søkjar må spesifisere kva stilling dei søkjer på.

Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant og rikt kulturliv med festivalar og konsertar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommar og vinter, som toppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Du kan lese meir om regionen vår på Visit Ålesund og sunnmøte

Arbeidsoppgåver

  • Vaktarbeid, sengepost, dagkirurgi, poliklinikk, operasjonar
  • Inngå i LIS 2/3 Vaktskift, delte vaktdøgn, for tida 9 delt vakt
  • Delar av tenesta i mamma/endokrinkirurgi kan vere utan vakt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, må legge ved søknadsblankett for legestillingar
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnustensete etter gamal ordning
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Det å vere personleg egna vil bli vektlagt
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert. Engasjert.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Valborg A. Bakke
Tittel: Seksjonsleiar / Kirurgiske legar
Telefon: +47 70 10 56 64
E-post: Valborg.Anita.Bakke@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund