Kreftavdelinga ved Helse Førde har følgjande stillingar ledig:
Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftretta behandling for innbyggjarane i tidlegare Sogn og fjordane (ca 110 000 innbyggjarar)
Avdelinga består av sengepost med 13 senger og poliklinikk. Avdelinga har pasientar innan fagområda onkologi,
hematologi og palliasjon
Avdelinga er godkjent for spesialistutdanning innan onkologi og hematologi, gruppe 2-teneste, og for kompetanseområdet palliasjon. For fullstendige
utdanningsløp, har ein avtale internt for gruppe 2-teneste og eksternt for gruppe 1-teneste (HUS).
Det er ei gradvis utvikling mot sjølvstendig funksjon innan definert fagområde.
Avdelinga har 7 overlegar, fire LIS-stillingar herav to innan onkologi, to innan hematologi og ei utdanningsstilling innen palliasjon.
LIS inngår i femdelt vaktplan 16:00 - 19:00
mandag til fredag og 09:00 - 14:00 helg og helligdagar.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.