Klinikk for psykisk helsevern, Avdeling for DPS Sunnmøre, har 3 ledige stillingar, 1 fast stilling for lege i spesialisering (LIS) og 2 vikariat, med oppstart 1. mars eller etter avtale.
Stillingane er ein del av klinikkens LIS-stillingar som går i utdanningsrotasjon med tanke på utdanning til overlege/psykiater. LIS-stillingane er også ein del av forvakt-systemet i avdeling for sjukehuspsykiatri.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakreJugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg.