Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledig fast stilling og vikariat for overlege med spesialisering innan barnesjukdommar! 

1 x 100% fast stilling for overlege med oppstart frå 01.01.24
1 x 100% vikariat for overlege frå 15.01.24-31.08.24
1 x 100 % vikariat for overlege frå 01.01.24-31.08.24

Avdeling for barnemedisin og habilitering har ansvar for barnemedisinske pasientar frå GA 26 veker-18 år i heile fylket. Vi har spesialistar som dekkjer alle subspesialitetar innan barnesjukdomar. Avdelinga har til saman seks seksjonar som er lokalisert i Ålesund, Molde og Kristiansund.

I Ålesund finn ein sengepost for barn og ungdom, nyfødd intensiv, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom og habiliteringseining. Avdelinga i Ålesund er lokalisert i eit eige bygg og er organisert som eit barnesenter. Vi har her tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt for neonatolog. Primærvakt er for tida 8-delt, generell bakvakt 8 delt og tertiærvakt nyfødtmedisin 5 delt. 

Du er velkomen som søkjar.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i avdelinga si gjeldande vaktordning
  • Delta i dagleg postarbeid og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Du må vere godkjent spesialist innan barnesjukdommar
  • Det er ønskeleg med spesiell kompetanse innan endokrinologi, gastroenterologi, nyfødtmedisin, sosialpediatri og nevrologi
  • Mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund sjukehus ligg omkransa av vakre fjell og fjordar med eit rikt naturlandskap. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge og er med sin vakre Jugendstilarkitektur viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Les meir om Ålesund og omland her

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Christine Vaksdal Nilsen
Tittel: Seksjonsleder (lege)
Telefon: +47 70 16 76 45
Hjemmeside
Arbeidssted
Legar barn og ungdom Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 1
6017 Ålesund