
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 2 vikariat som lege i spesialisering i radiologi. Varigheit er 6 månader med mogleg forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
Radiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling i stadig utvikling. Avdelinga har ein ny og moderne utstyrspark og eit eige senter fornukleærmedisin og PET. Vi har 6 MR-maskinar, 6 CT-maskinar. Vi nyttar SectraPACS og RIS. Det er til ein kvar tid tilknytta Ph.d-stipendiatar til avdeling, og avdelinga deltar i både nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Avdelinga har fokus på HMS og kvalitetsarbeid.
Avdelinga er inndelt i 7 legeseksjonar:
* Seksjon for Barneradiologi
* Seksjon for Uro/kar/intervensjonsradiologi
* Seksjon for Gastroenterologisk og onkologisk radiologi
* Seksjon for Thoraxradiologi
* Seksjon for Mammaradiologi og screening
* Seksjon for Nevroradiologi
* Seksjon for Ortopedisk radiologi
LIS har teneste på alle seksjonar, rotasjon kvar 6 månad. Nye LIS vil ha ein opplæringsperiode på 12 veker før dei startar i vakt. Stillingane inngår for tida i ei 16-delt vaktordning. Viser elles til Helsedirektoratet sin utdanningsplan for spesialiteten.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på seksjonane, beskriving av undersøkingar, vurdering av tilvisingar og demonstrasjonsførebuing saman med overlege
- Relevante prosedyrar som tilhøyrer dei ulike seksjonane, etter opplæring og under supervisjon
- Arbeid på ultralyd og i Mottaksklinikken etter gjeldande plan
- Vaktarbeid, for tida i 16-delt tilstadevakt
- Du vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram, inkludert internundervising
- Deltaking i undervising og kurs relevante for spesialiteten
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i Radiologi
- Søkarar må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper i og utanfor avdelinga
- Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Du følger opp delegerte oppgåver
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø i ei travel avdeling
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.