Vil du vere med på laget? Styrking av habiliteringstilbodet til pasientar med medfødde funksjonsnedsettingar.
Har du lyst til å jobbe i eit godt fagleg og engasjert miljø med gode arbeidstidsvilkår? Då er du kanskje vår neste medarbeidar.
Med bakgrunn i at vår dyktige lege går av med pensjon, har HAVO ledig 50% fast legestilling.
Habilitering for vaksne er retta mot personar over 18 år med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Fagfeltet er spennande og variert, og grensar opp mot ulike spesialitetar. Pasientgruppa i HAVO har ofte samansette kognitive, medisinske og psykiske utfordringar. Målgruppa er i hovudsak personar med grunnlidingar som utviklingsforstyrringar, utviklingshemming, autisme, ofte i kombinasjon med nevrologiske sjukdommar, skader eller syndrom. I tillegg kan det være det komorbide tilstandar som ADHD, Tourettes syndrom, angst, affektive og psykotiske lidingar.
Mange er unge vaksne som møter utfordringar i overgangen til vaksenlivet. Stilling som lege i HAVO har først og fremst fokus på tverrfagleg utgreiing, diagnostikk og behandling. Tverrfagleg samarbeid er sentralt i pasientoppfølginga, og du jobbar tett med andre faggrupper. Ein viktig del av arbeidet er rådgjeving og rettleiing til pasientar, pårørande og kommunehelsetenesta, samt til andre delar av spesialisthelsetenesta.
HAVO består i dag av et team med tilsamman 8 tilsette. Teamet er tverrfagleg samensatt med lege, psykologspesialist, psykolog, vernepleiarar med ulik tilleggsutdanningar og spesialpedagog. Teamet er ei ambulant spesialistteneste i Sunnfjord, Nordfjordeid og Sogn. Vi søkjer lege som har interesse for våre målgrupper og som ønskjer å bidra til vidareutvikling av tilbodet.
Vaksenhabilitering er ein del av Psykiatrisk klinikk, som i tillegg består av seksjonane: akutt døgn, Psykose og tryggleik, DPS døgn allmenn, rus døgn, DPS dag og behandlarseksjonen. I tillegg samarbeider HAVO med distriktspsykiatriske sentrer både i Førde, Sogndal og Nordfjordeid og andre avdelingar på sentralsjukehuset. (nevrologisk avdeling, medisinsk avdeling, barnehabilitering og BUP).
Det er for tida inga vaktordning eller akuttfunksjon knytt til stillinga. Jobben vil gå føre seg på dagtid, og vi har stengd helgar og høgtider. Arbeidsforma vekslar mellom poliklinikk og ambulant oppfølging. Kontorplass vil være lokalisert ved psykiatrisk klinikk på Førde sentralsykehus. HAVO er ein ambulant teneste og reisevirksomhet i Sunnfjord, Nordfjordeid og Sogn må påberegnes. Tilsettingsdato etter nærare avtale. Ta gjerne kontakt med seksjonsleder for en uformell prat.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.