Kort om arbeidsgiver
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Nevrologisk seksjon har ledig inntil tre årsvikariat for LIS3 i nevrologi.
Det eine vikariatet er ledig frå 1. januar - 24 og dei to andre frå mars/april.
Nevrologisk seksjon er ein del av avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering, ANRR.
Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Vi har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium og fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinson, slag, hjernekreft og MS. Sengepost og poliklinikk ligg samlokalisert.
Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk og nevrokirurgisk avdeling på Haukeland Universitetssykehus for deler av spesialiseringsforløpet.
Vi har fokus på å ha eit godt arbeidsmiljø, spesielt med tanke på samarbeid mellom kollegaer, andre yrkesgrupper i seksjonen, samt med andre avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbud om gruppeveiledning på tvers av avdelingar.
Det er også aktuelt å tilsette medisinstudentar med lisens i periodar.
Vi ser fram til å motta søknad frå deg!
Arbeidsoppgåver
- LIS følger 7-delt vaktplan. Tilstedevakt.
- Som LIS på vår avdeling vil du delta i arbeid på post, ha poliklinikk og delta i tverrfaglig samarbeid. Du vil få undervisning og rettleiing etter oppsett plan.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
- Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Motivert, lærevillig og interessert i fagfeltet
- Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
- Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg kr 25.000,-
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.