Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Nytt felles akuttsjukehus på Hjelset for Nordmøre og Romsdal står klart for innflytting våren 2025. Det vil i tillegg vere ein bynær poliklinikk. Einaste vaktberande nevrologiske avdeling mellom Førde og Trondheim. Skitur om formiddagen, strandliv seinare på dag, sherpatrapper - kombinert med tilgang til det urbane. Får ikkje du da lyst til å gjere ei god avdeling enda litt betre?

Ved nevrologisk avdeling i Molde har vi ledig fast stilling for overlege fra 01.03.24 - eller etter nærmare avtale.

Avdelinga har 12 sengeplassar øyremerka generell nevrologi, i samband med innflytting til nytt sjukehus våren 2025 aukast antall slagsenger frå dagen sitt utgangspunkt på 6 til 10. Vi har eigen dagpost, klinisk nevrofysiologisk laboratorium og eit klinisk og forskingsorientert nevropsykolog-miljø.

Avdelinga har tradisjonelt rekruttert overleger frå eigne rekker, men gler oss til å kunne seie om tre år at du har tilført vår avdeling noko viktig.

Arbeidsoppgåver

  • "Allrounder" med interesse for sengepostarbeid, eller blir du ein kollega med spissa polikliniske interessefelt?
  • Mange av våre polikliniske aktiviteter har ei tverrfagleg innretning, og vi er stolte av ressurssjukepleiarar og dedikerte fysioterapeutar innan relevante fagfelt.  
  • Du inngår i heimebasert tertiærvaktordning, per i dag 9-delt
  • SNR er eit differensiert sjukehus med bredde og faglege spydspissar, og vi har eit tett og godt samarbeid med tilgrensa spesialitetar som indremedisin, "hode-hals-faga", ortopedi der SNR vil vere det leiiande ortopediske "ryggmiljø" i Møre og Romsdal, og gjennom "hukommelsessenteret".  


Kvalifikasjonar

  • Du er godkjent eller nesten ferdig utdanna spesialist i nevrologi.
  • Gjerne med erfaring fra tilsvarande nevrologisk sjukehusavdeling.
  • Du liker å bidra til kompetanseheving og utdanning av avdelinga sine LIS og ressurssjukepleiarar.

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer oss ein systematisk, tydeleg og løysingsorientert kollega. 

Vi tilbyr

     

    Eit godt arbeidsmiljø der vi ser viktigheita av hyggelege morgenmøter, felleslunsj og gode faglege diskusjonar

    Ikkje meir pendling enn nødvendig

    Lønn etter ein overenskomst som verdsetter din innsats

    Moglegheit for deltaking i avdelinga sin utstrakte forskingsaktivitet

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Rikke Bendixen
Tittel: Ass. seksjonsleder
Telefon: 45851037
E-post: Rikke.Bendixen@helse-mr.no
Navn: Bernd Muller
Tittel: Seksjonsleder/Overlege
Telefon: +4791328053
E-post: bernd.muller@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologiske leger og klinisk nevrofysiologi Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 Molde