Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Ved BUP Stord, Husnes-/Odda kontoret har vi ledig fast LIS 3-stilling. Stillinga kan og vera aktuell som praksis for spesialiseringsløp i t.d. allmennmedisin. 

BUP Stord gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet vårt består av 6 kommunar (Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad og Ullensvang ).

BUP Stord er organisert saman med Stord DPS under felles leiing, og er inndelt i 4 team. Ved poliklinikken er det 25 fagstillingar. Husnes-/Odda kontor er utekontor for BUP Stord som skal gi tilbod til pasientar frå Ullensvang og og Kvinnherad. Det er per i dag tre fagstillingar og ein merkantil med fast kontorstad på Husnes, og 3 fagstillinger ved Odda-kontoret. Alle er knytta til team på BUP Stord. På Stord er det eit breitt tverrfagleg fagmiljø, med god overlege- og spesialistdekning.
LIS3 deltek fast på teammøter, samt internundervisning ein gong i veka.

Overlegegruppa er stabil og lokalt forankra, og LIS vil ha fast veileder, følge både LIS-undervisning og internundervisning, samt arbeide i eit kompetent og tilgjengeleg tverrfagleg fellesskap. Vi legg opp individuelt tilpassa utdanningsløp, med vektlegging av eigne faglege interesseområder - sjølvsagt i samsvar med overordna utdanningskrav.

Vi søkjer entusiastiske og fagleg interesserte legar som vil vere med å utvikle og forme barne- og ungdomspsykiatrien i Helse Fonna.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga!

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom 0-18 år
  • Kontakt med og rettleing av foreldre og instansar rundt barn og unge

Kvalifikasjonar

  • Må ha dokumentert autorisasjon
  • Erfaring frå BUP er ønskeleg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskapar

  • Likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
  • Interesse for barne- og ungdomspsykiatri
  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • Pågangsmot og evne til samarbeid
  • Endringsvillig, kreativ og nytenkande

Vi tilbyr

  • Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbedring
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
  • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater
  • Psykoterapirettleiing
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Heile spesialiteten kan tas i Helse Fonna
  • Moglegheit for forsking i klinikk
  • Lønn etter gjeldande avtale
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

 

Mangfaldserklæring
Helse Vest HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Siv Merete Handeland
Tittel: Funksjonsleiar BUP Stord
Telefon: 99 28 80 92
E-post: siv.merete.handeland@helse-fonna.no
Navn: Thomas Hasmo Eilertsen
Tittel: Avdelingsleiar SDPS/BUP
Telefon: 93 45 59 90
E-post: thomas.hasmo.eilertsen@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
BUP Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 16
5416 Stord