Visuell og faglig spennande jobb?
Fleire drar til vidareutdanning, så vi lyser ut på nytt:
Avdeling for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus søker etter lege i spesialisering.
Søknader leses fortløpende og vi ser gjerne rask tilsetting, ellers etter avtale.
Om jobb & fag:
Dei fleste syns diagnostikk er spennande. Her er ein jobb der du kan findyrke dette, i møtet mellom høgteknologi og klassisk klinikk.
Haugesund sjukehus er perfekt for oppstart spesialisering: Stort nok til å gi full faglig breddekompetanse, og lite nok til tett kollegakontakt med fortløpande supervisjon.
Om by & land:
Haugesund er ikkje ein stor by, men senter i eit stort oppland (110.000 lokalt, 180.000 i Fonna-regionen). Vi har eit breitt tilbud innan kultur, idrett og friluftsliv!
God kommunikasjon til Stavanger, Bergen og Oslo.
Om avdelinga:
I Haugesund har vi 13 laboratorier fordelt på ultralyd, CT, MR, mammografi, nukleærmedisin, intervensjon og generell røntgen.
System for RIS/PACS er SECTRA. Radiologar med godt faglig renomé, og entusiastisk fellesskap med godt samhold både på og etter jobb.
Seksjonen har 16 overlegestillingar og 7 heimlar for lege i spesialisering i radiologi
Gode lønnsvilkår.
Video som LIS for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.