Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Visuell og faglig spennande jobb?
Avdeling for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus har ledig fast stilling som overlege.
Om jobb & fag:
Haugesund sjukehus er perfekt for fagfolk som søker breddekompetanse: Stort nok til full faglig bredde, og lite nok til tett teamarbeid rundt diagnostikk og produksjon.
Om oss:
Radiologar med godt faglig renommé, og entusiastisk samhold både på og etter jobb.
Om by & land:
Haugesund er ikkje stor by, men senter i eit stort oppland (110.000 lokalt, 180.000 i Fonna-regionen). Stort og variert tilbud innan kultur, idrett og friluftsliv! God kommunikasjon til Stavanger, Bergen og Oslo.
Om avdelinga:I Haugesund har vi 13 laboratorier fordelt på ultralyd, CT, MR, mammografi, nukleærmedisin, intervensjon og generell røntgen
Seksjonen har SECTRA RIS/PACS.
Seksjonen har 16 overlegestillingar og 7 heimlar for lege i spesialisering i radiologi.
Radiologisk avdeling har gjennomgående ansvar og samdrift av overlegeressurser for all radiologisk virksomhet ved sjukehusa i Helse Fonna: Haugesund, Stord og Odda.
Radiologisk avdeling satser på effektivitet og høg kvalitet i tenesta.
Video som Overlege for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus:
Arbeidsoppgåver
- Hovedoppgave vil vere generell radiologi innan thorax / abdomen / bekken, og også nevroradiologi
- Deltaking i gjeldande vaktordning, som for tida er 11-delt.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i radiologi
- Erfaring innan CT /MR og evt mammografi vil bli vektlagt
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Resultat- og endringsorientert
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Like varierte utfordringar
- Pådrivar og proaktiv innstilling
- Personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Ein spennande og framtidsretta arbeidsplass i eit ungt og triveleg miljø, med høgt fagleg nivå og nytenking.
- Lønn i samsvar med gjeldande avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.