Vil du vere med å etablere Tverrfagleg helsekartleggingsteam i Bergen? Dette er eit nytt tilbod som skal sikre at barn som treng det mest, får tilbodet dei treng!
Lege til Tverrfagleg helsekartleggingsteam i Bufetat. Vi treng til saman 1 lege i 100% eller to legar i 50% stillingar inn i desse teama.
Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssukehus er landets nest største klinikk for barn og unge. Vi har både lokale, regionale og nasjonale oppgåver og dekker alle områda innan barnesjukdommar. Vi har årleg om lag 4000 medisinske pasientar i alderen 0 til 18 år innlagd, og avdelinga har om lag 30 000 polikliniske konsultasjonar. Vi har eit breitt tilbod innan utgreiing, behandling, oppfølging og habilitering av ulike sjukdommar.
I 2023 flyttar vi inn i nytt Barne- og ungdomssjukehus der vi samlar all utgreiing, behandling og oppfølging av barn- og unge innan somatikk og psykisk helsevern. I Barne- og ungdomsklinikken løysast også oppgåver innan forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.
Barne- og ungdomsklinikken skal saman med Bufetat bidra til å etablere eit tverrfagleg helsekartleggingsteam i helseregion vest. Tilbodet skal etablerast i Bufetat for barn og ungdom i alderen 7-17 år som av ulike årsaker blir vurdert plassert utanfor heimen. Teamet skal bestå av lege, psykolog og medarbeidarar med barnevernfagleg kompetanse og vil bestå av 4-5 fagpersonar. Legetenesta i teamet skal leverast frå Helseføretaket og i utprøvingsperioden er målet å få kunnskap om kva slags organisering, innretning og innhald som er best eigna. Det langsiktige målet er å etablere eit hensiktsmessig helsetilbod til alle barn i målgruppa.
Vi søker ettert 1-2 legar som kan gå inn i dette teamet (totalt 100%). Dersom du er under utdanning for spesialiteten Barnesjukdomar, kan stilling knyttast til utdanningsforløpet i BUK. 50% av stillinga blir då knytt til arbeid i Tverrfagleg Helsekartlegging og 50% til anna arbeid ved BUK. Tilsvarande kan denne stillinga besettast av ein som er spesialist eller under utdanning i allmennmedisin.
Du må:
Vi vil vektlegge personleg eignaheit opp mot forståing av målgruppa.
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.