Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Felles Akuttmottak er organisert i Mottaksavdelinga og ligger i nye Sydvest-blokk på Haugesund sjukehus.
Mottaksavdelinga mottar om lag 1800-2000 pasientar per månad. Det er per dags dato to stillingar tilknytt Mottaksavdelinga, så arbeid foregår primært på dagtid. Det er ønske om å utvide tilbudet til å også gjelde vakttid på sikt.
Vi har stort fokus på samhandling med førstelinjetenesta og betre og raskare pasientforløp, og vi har og eit godt samarbeid mellom somatikk og psykisk helsevern.

Mottaksavdelinga i Haugesund har no ledig ein stilling som overlege Akutt- og Mottaksmedisin. Primært ønskjer vi spesialist i Akutt- og Mottaksmedisin, men alle legar med interesse for arbeid i akuttmottak kan søkje. Det vil vere ønskeleg for avdelinga at ein er interessert i å utdanne seg innan denne retninga.

 

 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til supervisjon og assistanse av avdelingane sine vaktlag.
  • Triagering av pasientar saman med sjukepleierane.
  • Augeblikkeleg hjelp- poliklinikk.
  • Samhandling med førstelinjetenesta,
  • Opplæring og simuleringsøvingar, og å bidra i fagleg vidareutvikling av avdelinga.
  • Stillinga er fagleg spennande og inneber stor grad av samarbeid med alle avdelingar i sjukehuset, samt med fastlegar og legevaktar i distriktet. Vi har fleire etablerte team: medisinsk akutteam, slagalarm, traumealarm, barnealarm og hjartestans.

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjelig at tilsette overlege anten vil vere spesialist eller i løpet av få år ha et ønskje om å kunne bli spesialist i akutt- og mottaksmedisin innan 1-3 år.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein overlege som ønskjer å vere med på å vidareutvikle Mottaksavdelinga i nytt sjukehusbygg.
  • Ein må ønske å arbeide tett på pasientane og samtidig ha ei koordinerande rolle i akuttmottaket.
  • Gode samarbeidsevner vil bli vektlagt og personlege eigenskaper vil bli tillagt avgjerande vekt.

Vi tilbyr

  • Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale.
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med høyt fagleg nivå
  • Ein arbeidshverdag der ingen dag er lik

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Annelin Voraa Steinsnes
Tittel: Avdelingsleder Mottaksavdeling
Telefon: 91191012
E-post: annelin.voraa.steinsnes@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Mottaksavdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund