Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter med kommunedelsenter på Ågotnes, Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. 
 
Ledig nyoppretta fastlegeheimel
 
Øygarden kommune har ledig  nyoppretta fastlege heimel. Heimelen er lokalisert ved Arkaden legesenter på Straume, ca 15 min kjøretid frå Bergen sentrum. Det vil vere 6  fastlegar ved legekontoret inkludert den nye heimelen. Heimelen vil verte drifta etter sjølvstendig næringsdrivande modell og vil ha max  ca 1000 pasientar på lista. Listetaket kan endrast både opp og ned etter ønskje frå heimeleigar og samtykke frå kommunen og dei andre heimelseigarane ved kontoret. Det nyttast Infodoc journalsystem. Legekontoret er veldrevet med flinke og erfarne leger og hjelpepersonell og held til i moderne lokaler på Sartor storsenter.  Kommunen tilbyr ALIS vilkår for fastleger i spesialisering. Kommunen tilbyr ytterligare gode betingelser som fritak for annen kommunal legeteneste og  pr. tid fritak frå legevakt for alle fastleger. Hvis ein ønskjer å delta i legevaktordning ved Sotra legevakt vil fastlegane bli prioritert. For tida er det 18. delt vaktordning. Kommunen har og eigne ordninger med omsyn til sjukefråver og foreldrepermisjon for næringsdrivande fastleger. Kommunen gjer og gjenkjøpsgaranti for fastlegeheimelen om aktuell lege mot formodning ikkje skulle trivast i stillinga. Ein vil få økonomisk tilskot frå kommunen i oppstartsfasen slik at heimelen kan driftast greitt frå oppstartstidspunktet.
Kommunen er fleksibel med omsyn til oppstartstidspunkt.
Øygarden kommune har etter kommunesamanslåinga videreført dei tilpasninger som er blitt gjort av dei opprinnelege kommunane med omsyn til tilleggsordningar opp mot næringsdrivande fastleger. Dette er ein medverkande årsak til at kommunen har stabil og god fastlegeordning.
Velkomen som søkjar på fastlegestilling i Øygarden kommune.
Benytt elektronisk søknadsskjema
 
Kvalifikasjoner:
Norsk autorisasjon som lege
Fullført norsk turnusteneste/LIS1 tjeneste
God norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.
Personleg egnaheit vil bli særleg vektlagt.
 
Kontaktperson for stillinga: Kommuneoverlege Stein-Inge Stigen
Stein.stigen@oygarden.kommune.no eller tlf 55097226
 
 
Søknadsfrist : 12.11.2023
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
(Nye) Øygarden kommune
Kontaktperson
Navn: Stein-Inge Stigen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 55 09 72 26
E-post: stein.stigen@oygarden.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: Fastlegeheimel Arkaden
Arbeidssted
Arkaden legesenter
Sartorvegen 12
5353 STRAUME