Kort om arbeidsgiver
Vågå Kommune har ledig fastlegeheimel og vil nå sjå på moglegheita for at denne kan utformast på ein anna eller fleksibel måte. Vi søkjer difor etter to nye fastlegar kor vi er opne for å gå i dialog for å skreddarsy desse stillingane. Vi er villige til å diskutere stillingsstorleik, listelengde, kommunale oppgåver og økonomiske vilkår.
Vågå Kommune har ledig fastlegeheimel og vil nå sjå på moglegheita for at denne kan utformast på ein anna eller fleksibel måte. Vi søkjer difor etter to nye fastlegar kor vi er opne for å gå i dialog for å skreddarsy desse stillingane. Vi er villige til å diskutere stillingsstorleik, listelengde, kommunale oppgåver og økonomiske vilkår.
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.
Kommunen er oppteken av å gje innbyggarane våre eit integrert helsetilbod og har ei proaktiv og systematisk tilnærming for å tilpasse helsetenestene for framtida. Det er god innovasjonskultur i kommunen og vi er mellom anna aktive brukare av digitale verktøy med høg grad av integrering innad og mellom legetenesta, Sjukehuset Innlandet, ambulansetenesta og pleie- og omsorgstenesta. Som ein del av det strategiske arbeidet i kommunen, har vi fleire ulike innovasjonsprosjekt på gang innan sektoren Helse- Omsorg og meistring. Legetenesta er ein viktig del av dette arbeidet. I samarbeid med ulike høgskular og universitet, har vi fleire tilsette som forskar på felta prosessleiing, digitalisering og integrerte helsetenester.
Legekontoret har i tillegg til den ledige heimelen, LIS1 og 3 erfarne allmennlegar i eit veldrive helsesenter, der kontinuiteten er i vareteken av to fastlegar som har jobba på kontoret i over 20 år, alle spesialistar i allmennmedisin. På kontoret er det eit godt arbeidsmiljø, med stabile, erfarne medarbeidarar med kompetanse innan sjukepleie, bioingeniør og helsesekretær. Ein av sjukepleiarane er under utdanning i avansert klinisk sjukepleie.
Den ledige fastlegeheimlen har ei listelengde på inntil 950 pasientar og tilsynslege på Sjukeheimen.
Legekontoret er samlokalisert, i moderne og velutstyrte lokal midt i Vågåmo sentrum, saman med skule- og helsestasjonstenesta, jordmor, kommunal Rus og psykisk helseteneste og fylkestannlege. To velutstyrte "skadestuer" til småkirurgi og til EKG/arbeids EKG/spirometri/24 timars BT måling. Vi har ultralyd. Det finnes også et velutstyrt laboratorium der vi analyser mange prøver lokalt på kontoret. Eigen inn-/utgang for ambulanse Journalsystemet som nyttast er Infodoc. Det er også lagt til rette for at du kan logge deg på og jobbe frå heime. Legekontoret ligg tett inntil sjukeheim, heimesjukepleia, bufellesskap, fysioterapi, NAV.
Vi har interkommunalt legevaktsamarbeid saman med 5 andre kommunar. Legevakta er stasjonert på Lokalmedisinsk senter på Otta i Sel kommune. Vaktbelastninga er ca. 25-delt, det vil seie 1-2 legevakter i månaden.
Velkomen til å ta kontakt med oss! Vi er opne for å diskutere vilkår både på stillingsstorleik, inklusive omfanget av kommunale oppgåver, fastlønn eller privat næringsdrivande, der kommunen stiller med ein 8.2-avtale jf SFS 2305.
Det er kommunen som eig heimelen, det vil altså seie at den som tek over heimelen ikkje treng å betale «goodwill» til førre heimelstagar.
Vi er godkjent ALIS-kommune, med samarbeidsavtale med Sjukehuset Innlandet, slik at ein kan fullføre heile spesialistutdanninga i regionen.
For fagoppdatering, har legane i Vågå jamlege fagmøte 1 gong i månaden. Det er også interkommunalt samarbeid i regionen, der ein møtast 1 gong kvar 3. månad.
Legekontoret har avtale med ein fast legevikar som vikarierer ved ferie- og anna fråvær.
Arbeidsoppgåver:
- fastlegeoppgåver
- kommunale oppgåver
- legevakt
Kvalifikasjonar:
- norsk autorasisjon som lege
- fullført LIS 1
- gode fagleg kvalifikasjonar
- spesialist i allmennmedisin eller påbegynt LIS 3 er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- førarkort kl. B
- politiattest ikkje eldre enn 3 månader
Personlege eigenskapar:
- gode kommunikasjonseigenskapar på norsk, munnleg og skriftleg
- evne til å arbeide ryddig og strukturert
- serviceinnstilt
- fleksibel og løysingsorientert
- bidra til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering
- gode evner til tverrfagleg samarbeid
- personleg eignaheit vektleggast
- halde seg fagleg oppdatert
Vi tilbyr:
- legevaktbil
- tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
- behjelpeleg med å skaffe bustad
- tilrettelegging for fagleg oppdatering
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Spørsmål om stillinga kan rettast til tenesteleiar Liv Olasveen, e-post
liv.olasveen@vaga.kommune.no eller på telefon 99 02 82 91/47 62 73 94
Søknad skal sendast på
elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til
postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 01.12.2023
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.