Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Ledig 100% stilling som Bedriftslege

Vi har ledige 100% fast stilling som bedriftslege delt mellom våre kontor i Høyanger, Førde og Florø. Har du lyst på ein spennande og engasjerande jobb som bedriftslege, så er dette rette jobben for deg.

Vi har eit godt fagleg og utviklande miljø. Legane jobbar tett opp mot dei andre faggruppene i verksemda, og samarbeid på tvers av fag er noko som gjer jobben hjå oss spennande. Størstedelen av stillinga blir nytta opp mot Hydro Aluminium sitt anlegg i Høyanger og deira underleverandørar.  Å jobba med industribedrifter er noko av det som gjer denne jobben ekstra utfordrande og interessant. Vi har ein hektisk, men kjekk kvardag og samarbeider svært godt med våre kundar. Ca 30% av stillinga skal nyttast til våre kundar i Sunnfjord og ca 70% i Høyanger. Vi er opne for å vurdere ei redusert stilling.

Stillinga krev at du har:
Høg arbeidskapasitet, er initiativrik og motivert.

Arbeidsoppgåver:
Førebyggjande og helsefremmande arbeidsmiljøoppgåver
  • Du skal arbeide med eit bredt spekter av arbeidsmedisinske faktorar, i nær samhandling med kundar, arbeidsgjevar og tilsette.
  • Bevisstgjering og tilrettelegging for å skape eit helsefremjande arbeidsmiljø, både på organisatorisk, gruppe- og individnivå
  • Målretta helseundersøkingar ut frå eksponering i arbeidsmiljøet
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege, gjerne med erfaring frå bedriftshelseteneste/HMS-arbeid
  • Helst spesialist i arbeidsmedisin eller allmennmedisin
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeid- og kommunikasjonsevne
  • Evne til å jobbe i team, er engasjert og initiativrik
  • Evne til å knyte gode relasjonar til ulike kundar og arbeidsmiljø
Må ha førarkort og bil til disposisjon, noko reiseaktivitet må påreknast.

Vi  Tilbyr:
 
Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver med høgt fagleg fokus
  • Tverrfagleg, spennande og godt arbeidsmiljø med fleire andre bedriftslegar
  • Fagleg oppdatering/vidare- og etterutdanning
  • Tilbod om spesialisering innan arbeidsmedisin (LIS)
  • Godt tilrettelagt for fagleg og personleg utvikling og stor fleksibilitet i utforming av arbeidsdagen. Opplæring blir gitt
  • Svært gode pensjonsordningar og personalforsikringar
  • Fri laurdag og søndag
  • Lønn og andre vilkår etter avtale
 
Søknad med CV og vitnemål  sendast til:  post@bedriftshelse1.no.

Spørsmål om stillingane kan rettast til adm.direktør Randi Marie Sjøholt tlf: 95 23 58 74.

Søknadsfrist: 10.10.2023
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Bedriftslege
Arbeidsgiver
Bedriftshelse1
Sogn
Kontaktperson
Navn: Randi Marie Sjøholt
Tittel: Administrerende direktør
Telefon: +4795235874
E-post: randi.marie.sjoholt@bedriftshelse1.no
Søknad
Søknad merkes: Bedriftslege
Send søknad på mail
Arbeidssted
Høyanger, Førde og Florø
Leira 2
6993 HØYANGER
Søk på stillingen