Vil du jobbe saman med oss?
Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering (LIS) innan anestesiologi. Vikariat inntil 18 månader med oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Seksjon for anestesilegar i Kristiansund er ein del av avdeling for kirurgi i Klinikk SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal).
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. Teneste som ikkje er dokumentert, vil ikkje bli tatt med i vurdering.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Byen vår!
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her