Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du vere med på laget vårt? Vi søkjer ein kollega med interesse for elektiv og akutt ortopedi.

Avdeling for ortopedi SNR har ledig vikariat for overlege - spesialist i ortopedi i eit år med moglegheit for forlenging. 

Arbeidstad er for tida ved Molde sjukehus. Tilsetting frå snarast eller etter avtale.

Avdelinga har drift både i Kristiansund og Molde. Til saman tilbyr vi eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktline.
I Kristiansund har vi 10 overlegar, 6-7 LIS 2/3 og 9 LIS1 (1 professor, 1 førsteamanuensis, 1 universitetslektor og 5 PhD`ar). I tillegg har vi 7-8 LIS1 vikarar i løpet av året. I Molde har vi 6 overlegar og 2-3 LIS 2/3, derav 2 PhD kandidatar.

Tilbodet i Molde inkluderar eit bredt spekter av operative og konservative behandlingar innan ortopedi, herunder frakturer, hand- og fotkirurgi inkl. diabetes føtter, ortogeriatri, protesekirurgi, artroskopisk behandling av skulder, albue, kne og ankelledd. Spesielle satsingsområder er tverrfagleg behandling av kompliserte sår og av eldre med bruddskadar. Molde sjukehus er traumesjukehus, og ortopedien inngår her i traumeteamet. I Molde har vi 6 overlegar og   Vi har sengepost, dagkirurgi, tverrprofesjonell diabetesfot pk, osteoporose pk, stadleg samarbeid med plastisk kirurgi og geriater, skadepol, akuttmottak, fast-track protesekirurgi og subspesialisering.

I Kristiansund har vi to sengepostar der ein er dedikert til fast-track protesekirurgi, dagkirurgisk eining. Vi har også ortogeriatrisk eining for ortogeriatrisk trauma med tilsett spesialist i geriatri. Vidare kan avdelinga tilby: Multidisiplinær behandling, skadepoliklinikk og ortopedisk poliklinikk, samt akuttmottak, osteoporose-poliklinikk med behandlings/ infusjonseining, DXA-maskin, «Capture the fracture» silver star rangering. Proteseførebuande eining med fast-track protesekirurgi med 1 døgn liggetid. AI-prosjekt (kunstig intelligens) innanfor protesekirurgi inkludert robotkirurgi. Operasjonsavdeling med stor verksemd innanfor dei fleste spekter av ortopedien. Sub-spesialitetar innanfor hofte- og kneprotesar inkludert omfattande revisjonskirurgi, rygg, barn, hand, fot, artroscopi, komplisert sårbehandling, ortogeriatri, traumekirurgi, komplekse lednære fracturer, osteophorose etc.  

Seksjon for ortopediske legar SNR er utdanningsinstitusjon for medisinstudentar fra NTNU. Vi har 16 studentar i løpet av året i praksis på siste år av studiet
Fysioterapeutar, spesialsjukepleiarar, ernæringsfysiolog og klinisk farmasøyt er dedikert til seksjonane våre. 

Vi har eigen ortopedisk forsknigsavdeling med 11 pågåande store kliniske PhD-prosjektar samt grunnforsknings-prosjekter. Avdelinga produserer ein rekkje publikasjonar i høgt rangerte internasjonale tidsskrifter årleg. Vi har flere PhD`ar i avdelinga, og har såleis rettleiingskompetanse både for doktorgrads- og mastergradprosjekter. Det drives forskning på PhD nivå i betydeleg omfang både i Kristiansund og Molde. Utdanning og fagutvikling står i fokus hos oss, og undervisning, operasjonsaktivitet og kursdeltakelse blir prioritert.

Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.

Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje på stillinga. Ta gjerne kontakt for ein prat!

Arbeidsoppgåver

  • Vaktarbeid - det er ikke helgevakt i Molde på grunn av helgevaktdeling med Kristiansund
  • Operasjon, dagkirurgi og elektive operasjonar 
  • Poliklinikk
  • Visitt
  • En del av traumeteam
  • Rettleiing og utdanning av LIS3 i seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Dokumentert spesialist i ortopedisk kirurgi
  • Må beherske et skandinavisk språk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du liker varierte utfordringar
  • Du har interesse for ortopedi og forsking
  • Du har evne og vilje til tverrfagleg samhandling
  • Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsette
  • Du har god evne til refleksjon over eigen praksis som lege
  • Du har god evne til å gje og motta tilbakemeldingar
  • Du evner å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)

Å vere personleg eigna, samt arbeidskapasitet og motivasjon, vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Øyvind Håberg
Tittel: Overlege i ortopedi
Telefon: +47 71120000
E-post: Oyvind.Haberg@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Ortopediske legar SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde
Søk på stillingen