Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Sveio er ein kommune med vel 5.700 innbyggarar, som ligg heilt sør i Vestland fylke. Sveio er ein naturskjønn kommune med gode moglegheiter for friluftsliv, jakt og fiske. Sveio kommune er ein del av både Haugalandsregionen og Sunnhordlandsregionen, og ligg sentralt mellom to bysentra Haugesund (15 min. køyring frå Sveio sentrum) og Leirvik (30 min. køyring frå Sveio sentrum).

Sveio legekontor er eitt av tre legekontor i kommunen, og er lokalisert i Sveio sentrum ca. 20 min. køyring frå Haugesund. Sveio legekontor er eit veldreve legekontor med kompetent hjelpepersonell, og kor ein pr. dags dato har 1 200 listepasientar fordelt på 2 kommunalt tilsette fastlegar.

Då ein av dei kommunalt tilsette legane skal slutta, har me ledig 100% fast stilling som fastlege med fastlegeliste på 600 pasientar. I stillinga inngår og tilsynslegefunksjon på kommunen sitt omsorgssenter med 1-2 dagar i veka. Stillinga er fastlønna. Oppstart etter avtale.

Sveio er saman med 5 andre kommunar med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid, og tilsett lege må pårekna deltaking i legevakt (inntil 3-4 vakter i månaden).

Kommunal tilsetjing med fastlønn skjer etter gjeldande regelverk, og med pensjonsordning i KLP. Kommunen er og open for privat heimel.

Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege med spesialisering i allmennmedisin. Legar utan spesialisering i allmennmedisin kan og søkja, då kommunen vil tilretteleggja for spesialisering i allmennmedisin (LIS 3)
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Det blir stilt krav om politiattest i tråd med lov om helsepersonell
  • Personleg dugleik blir tillagt stor vekt
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Sveio kommune
Helse- og rehabilitering
Kontaktperson
Navn: Tore Bøe Olsen
Tittel: Leiar Helse- og rehabilitering
Telefon: 97410814
E-post: tbols@sveio.kommune.no
Arbeidssted
Sveio legekontor
Sveiogt. 70
5550 SVEIO
Søk på stillingen