Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.


Klinikk for diagnostikk, Avdeling for radiologi Ålesund og Volda har to ledige stillingar: Avdelingssjef og Seksjonsleiar for legar radiologi. Tilsetting etter avtale.

Er du ein leiar som trivst i eit dynamisk, teknisk og innovativt miljø der leiareigenskapane dine får vekse? Då er dette stillinga for deg.
Vi ønsker oss visjonære leiarar som kan vidareutvikle avdelinga sine tilsette og leiarar til å levere diagnostikk og behandling på eit høgt nasjonalt nivå. 
Du er opptatt av kvar enkelt tilsett og ønsker at alle skal få utvikle seg vidare og ta ut sitt personlege potensiale.

Avdelingssjef radiologi vil leie eit team av dyktige radiologar, radiografar, bioingeniørar, fysikarar, merkantile og støttepersonell som arbeider i eit høgt teknologisk miljø og samarbeider med både sjukehuset sine avdelingar og med primærhelsetenesta.
I tillegg til å vere glad i menneske er du interessert i innovasjon, forsking, kunstig intelligens og samarbeid. 

Avdelingssjef radiologi Ålesund og Volda har personalansvar for fire leiarar. Leiarteamet med avdelingssjef i spissen skal saman sørge for at avdelinga og klinikken bidreg til god diagnostikk og til rammer for tilsette. Avdelingssjef vil vere ein del av klinikken sitt leiarteam.

Seksjonsleiar for legar radiologi Ålesund og Volda er leiar for rundt 40 legar og vi ønsker å auke talet i åra som kjem. Denne stillinga er ei delt stilling der 50 % er sett til leiing og 50 % til drift. Søkar bør derfor vere enten radiolog, radiograf eller bioingeniør.

Klinikk for diagnostikk er organisert på tvers, med einingar på alle fire sjukehusa i fylket og er samansett av fem avdelingar. Disse er Avdeling for radiologi Ålesund og Volda, Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund, Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank og Avdeling for medisinsk mikrobiologi.  
 Radiologi Ålesund og Volda har modalitetar innan generell røntgen, CT, MR og UL. I Ålesund har vi i tillegg angio/intervensjonslab, nukleærmedisin med PET/CT og SPECT CT og brystdiagnostisk senter.  
 Avdelinga har samla om lag 100 hjemlar for legar, radiografar, bioingeniørar, fysikarar, merkantil mfl. og eit driftsbudsjett rundt 150 mill kr. 
 
Vil du vere med på å skape gode helsetenester for pasientane våre og arbeide i eit spanande miljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg! 

Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktivitetar både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast! 
Sjå også: https://www.visitmr.com/ 

 

Vi ber om at du i søknadsteksten oppgir kva stilling du søker, og at vitnemål og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad,

Arbeidsoppgåver

  • Leiaransvar for avdelinga/seksjonen, inkludert ansvar for personale, kvalitet, økonomi, HMS og drift 
  • Samarbeide med dei andre avdelingane i klinikken, andre sjukehusinterne klinikkar og eksterne aktørar 
  • Gjennomføre og utvikle klinikkens og sjukehusets målsettingar 
  • Rekruttering 
  • Medlem av klinikkleiinga ved diagnostikk*
  • Andre oppgåver delegert frå, og definert av, klinikksjef 
  • Du må rekne med noko reiseverksamheit mellom avdelingane i Ålesund og Volda, og dei andre sjukehusa i fylket i samband med møteverksamheit i klinikken*

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant leiarutdanning og leiarkompetanse*
  • Kompetanse og interesse for endringsleiing, organisasjonsutvikling, strategi og innovasjon
  • God relasjonskompetanse og delegeringsforståing som gir evne til å motivere og leie gjennom andre
  • Samarbeidsevne internt i eiga avdeling og med andre interessentar i føretaket.
  • Evne til å motivere medarbeidarar på individ og gruppenivå
  • Erfaring frå spesialisthelseteneste er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Interesse for faget og utvikling av dette 
  • Leiareigenskapar og interesse for leiing
  • Motivert og framtidsretta 
  • Dynamisk, innovativ og interessert i teknologi
  • Strukturert og løysningsorientert 
  • Omstillingsevne 
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta med arbeidsoppgåver 
  • Evne til å jobbe i team 
  • Høg arbeidskapasitet og toler høgt arbeidstempo i periodar. 
  • Gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  •  Et høgt fagleg miljø 
  • Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande overeinskomst og arbeidsreglement 
  • Gode pensjonsordningar


* Gjeldande stilling for avdelingssjef

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Per Erik Tødenes
Tittel: Klinikksjef
Telefon: 90058631
E-post: Per.Erik.Todenes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Åsehaugen 5
6017 ÅLESUND
Søk på stillingen