Ved palliativt team i kreftavdelinga søkjer vi lege med godkjent spesialitet i allmennmedisin eller anestesi.
Ved tilsetjing ser vi føre oss eit utdanningsløp over nokre år. Målet er å bli ferdig spesialist innan palliasjon, men tida dette vil ta vil vere avhengig av korleis utforminga vert av spesialitetskrava som ventast å bli godkjende seinare i år, eller tidleg 2024. Du vil få opplæring og verte rettleia av leiar i palliativt team som har godkjent kompetanseområde i palliasjon. Etter kvart som det kjem godkjent nasjonalt kurs i palliasjon for legar, vil vi forutsetje at du deltek på dette.
Vi ønskjer at du kan byrje i stillinga snarast.
Vi vil tilrettelegge arbeidstilhøva om det er behov for det.
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i Palliativt team sine visittar, møte, tilsyn på andre avdelingar og poliklinikk. Heimebesøk kan verte aktuelt.
- Arbeidet er som regel lagt opp til å vere i team med minst sjukepleiar og lege tilstades.
- I arbeidet vil det vere rettleiing for utvikling og mogning i faget. I tillegg legg vi opp til fagleg utvikling gjennom sjølvstudiar og vidareformidling/undervisning av nyvunnen kunnskap.
- Helse Førde har ansvar for tre sjukehus, der arbeidsplassen er Førde sentralsjukehus, men vi må gjerne tilby teneste til lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid. Du vil vere knytt til sengepost for kreftsjukdomar, blodsjukdomar og lindrande behandling, der to senger er øyremerkt palliative pasientar. I tillegg er det tilsyn på andre avdelingar, telefonar, polikliniske pasientar, digitale konsultasjonar og av og til sjukebesøk.
- Du vil òg verte knytt til utvida palliativt team, der du samarbeider med ergoterapeut, fysioterapeut, prest, sosionom og klinisk ernæringsfysiolog.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Vi vil forutsetje god kommunikasjonsferdigheit, som du også får vidareutvikle gjennom kurs og trening i arbeidet.
- Stillinga krev erfaring frå tilsvarande oppgåver fortrinnsvis innan fagområda allmennmedisin eller anestesi, men anna fagfelt vil også verte vurdert
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet, og bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar, og evner å tilpasse og formidle kompleks informasjon
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Fagfeltet pallisjon krev mogning og at ein er personleg eigna
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg og fagleg utvikling
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.