Ålesund sjukehus ligg ved fjorden, med flott utsikt til Sunnmørsalpane, og kort vei både til natur og byliv. Ålesund sjukehus er det mest differensierte sjukehuset i Helse Møre og Romsdal HF.
Avdeling for radiologi Ålesund og Volda - Radiologi Ålesund har 13 overlegar og 8 LIS, med eit ungt og engasjert kollegium. Radiologi Ålesund har totalt 97 tilsette.
Maskinparken består av 2 MR, 2 CT, 3 ultralyd, 4 konvensjonelle røntgenlabber, intervensjonslab og brystdiagnostikk. I tillegg har Radiologi Ålesund nukleærmedisin med SPECT/CT og PET/CT, med den første 6-rings PET/CT i Norge!
Radiologi Ålesund har ledig fast 100% stilling for radiolog, med oppstart snarast, etter avtale med seksjonsleiar.
Vikariat er ledig frå d.d. til 1.11.24. Opplys i søknaden kva stilling du søkjer på (fast og/ eller vikariat).
Vi tar sikte på å intervjue aktuelle kandidatar etter kvart som søknadane kjem inn.
Arbeidsoppgåver
- Generell radiologi, inkludert MR, CT og ultralyd.
- Vere ein aktiv pådrivar til fagutviklinga i samarbeid med kompetente og engasjerte kollegaer.
- Overlegar har bakvakt ca. kvar 6. helg, samt ei bakvakt på kveld annankvar veke (LIS har døgnkontinuerlig vakt)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og norsk spesialistgodkjenning i radiologi
- God norsk eller nordisk språkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vere engasjert i arbeidsoppgåvene
- Kunne medvirke til eit godt arbeidsmiljø
- Kunne trivast med teamarbeid
- Arbeide målretta og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Tilskot til flytting i henhold til gjeldande vilkår
- Mulighet for granskning heime på kveldstid etter avtale for faste tilsette
- Administrasjonstid for overlegar