Vi har ledig vikariat som overlege / Lege i spesialisering innan psykiatri i vårt Allmennteam ved Ålesund DPS frå snarast til 30.09.2024,med moglegheit for forlenging. Vi kan tilby eitt års vikariat for fastlegar som søkjer spesialiseringsår. Startdato kan avtalast.
Poliklinikken er organisert i tre team. Gruppebehandling, ROP, og Allmennteam. Vikarstillinga er i Allmennteamet. Allmennteamet er delt inn i fire mindre team der ein har ein meir spissa profil. Vi arbeider med å utvikle ei organisering slik at den einskilde kan bruke meir tid på å bli god på nokre oppgåver. Vi trur dette vil gjere både arbeidskvardagen til medarbeidarane og det faglege tilbodet betre.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund med den vakre Jugendstilarkitekturen er vidt kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som tekne ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan óg oppleve eit mangfald av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Sjå meir her
Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.