Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Er du lege og kunne tenkje deg å jobbe som fastlege i ein kommune som kan tilby både byliv og friluftsliv blant fjord og fjell?

Ålesund kommune har no ledig vikariat ved Jomarka legesenter DA frå 01.01.24-18.11.24.    

Jomarka legesenter held til i fine og tilrettelagde lokalar i Blindheimshaugen 9. Kontoret er godt utstyrt og journalsystemet er CGM journal. 

Kontoret har 4 fastlegeheimlar, med erfarne legar det er enkelt å rådføre seg med. Stabile og svært dyktige medarbeidarar som har stort fokus på trivsel for både kollegaer og pasientar. Meget godt arbeidsmiljø.

Ålesund kommune er godkjend utdanningsverksemd, og vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin, og du vil få tilbod om ein ALIS - avtale. Kommunen vil tilrettelegge for næringsdrift eller det kan tilbys fastlønn om ein ynskjer dette. Fastlønna lege vil få 15 % bonus på inntening. Det er per i dag ikkje tilknytta kommunal stilling til heimelen. Til heimelen inngår deltaking i interkommunal legevakt.

Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege
Gode kommunikasjon -og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt stor vekt på
God kunnskap om norsk lovverk
Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
Tiltredelse i vikariatet føreset framlegging av tilfredstillande politi-og tuberkulinattest.  

Personlege eigenskapar
Personleg egna for stillinga vil bli lagt stor vekt på
Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legesenteret Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
Evne til å jobbe i team
Evne til fleksibilitet
Godt humør og positiv fremtoning
God arbeidskapasitet
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Kontaktperson
Navn: Lisbeth Anita Løvoll
Tittel: Rådgjevar fastlegeordninga
Telefon: 917 43 615
E-post: lisbeth.anita.lovoll@alesund.kommune.no
Arbeidssted
Ålesund
Blindheimshaugen 9
6012 ÅLESUND