Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du vår nye kollega?

Vi søkjer etter ein motivert barne- og ungdomspsykiater ved BUP poliklinikk Molde.
Her ved BUP Molde kan vi tilby meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utredningseining (sengepost i Ålesund) og ei familieeining i Molde.

Vi har ledig fast stilling som barne - og ungdomspsykiater frå snarast. Oppstartsdato etter nærare avtale med seksjonsleiar. 
Stillingane er knytt til team som arbeider med barn og unge i alderen 6-18 år.

BUP Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. BUP Molde har ei stabil og god bemanning av overlegar.
Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve.


Attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til søknad i webcruiter.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og unge med psykiske lidingar
  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester, fastlegar og pårørande
  • Rettleiing av LIS
  • Deltaking i kvalitetsforbetrande arbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Norsk spesialistgodkjenning i barne- og ungdomspsykiatri
  • God norsk eller nordisk språkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg  

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker oss ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega
  • Søkjar må ha gode evner og vilje til samarbeid samt evne til å kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag
  • Tilsette blir kontinuerleg involvert i fag- og organisasjonsutvikling og det blir forventa aktiv deltaking og sjølvstendig initiativ i denne utviklingsprosessen
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag
  • Søkjar vil bli del av eit tverrfagleg team og personlege eigenskapar, derav evne til samhandling, vil bli sterkt vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Rekrutteringstillegg
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Hilde Sivertsen
Tittel: Konst. Avdelingssjef
Telefon: 99245684
E-post: hilde.sivertsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde