Avdeling for radiologi Ålesund og Volda – Seksjon Radiologi Ålesund, er ei vel differensiert avdeling med MR, CT, ultralyd, konvensjonell radiologi. Både avdelinga, og sjukehuset ellers, har eit inkluderande og aktivt LIS-miljø. Avdelinga tilbyr studiedager for LIS og dei får 2 studiedagar i månaden plassert i turnus.
Ved Radiologi Ålesund har vi har ledig 100 % fast stilling for lege i spesialisering. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar.
Ved evt. internt opprykk kan vikariat bli ledig. Det vil bli gjort fortløpande intervju av søkjarane på stillinga.
Vi ber om at attestar/tenestebevis frå evt. tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
- 8-delt tilstadesvakt, med overlege i bakvakt.
- Den som blir tilsett skal følgje program for å oppnå læringsmål som fører fram til spesialisering i radiolog
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnustjeneste etter gammal ordning.
- Tidligare teneste ved radiologisk avdeling vil bli vektlagt
- Gode norskkunnskapar, for muntleg og skriftleg kommunikasjon.
Personlege eigenskapar
- Vere arbeids- og lærevillig
- Kunne medvirke til eit godt arbeidsmiljø
- Kunne trivast med teamarbeid
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Studiedag 2 dager i månaden plassert i turnusen.
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår