VIL DU BLI VÅR NYE KOLLEGA: FAST STILLING FOR OVERLEGE I 100 % STILLING MED VARIERTE OPPGÅVER OG GOD MOGLEGHEIT TIL Å PÅVIRKE EIGEN ARBEIDSKVARDAG.
Spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal søkjer etter overlege i 100 % stilling, med spesialisering innan allmennmedisin, psykiatri, nevrologi eller fysikalskmedisin. Søkjar vil samarbeide tett med vår overlege, som pr. i dag går i 50 % stilling. Det ligg ikkje vaktoppgåver til stillinga og arbeidstida er frå kl. 08:00 – 16.00, med fleksitidsordning.
Spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal er organisert som eigen seksjon i avdeling for sjukehuspsykiatri.
Seksjonen gir eit tilbod til vaksne med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Døme på tilstandar er tidleg erverva hjerneskade, syndrom som medfører kognitive vanskar, utviklingshemming, autismespekterforstyrringar, tidleg erverva nevrologiske skade eller sjukdom og nevromuskulær sjukdom. I arbeidet legg vi vekt på å ha ei heilskapleg tilnærming, der både individet og konteksten vert vurdert.
Arbeidet er variert, utfordrande og spanande og du får tid til å arbeide systematisk med samansette problemstillingar.
Vi legg opp til at du, saman med vår overlege, kan knytte deg til kollegaer innan habilitering i regionen og nasjonalt og det er gode samarbeidsforhold i helseføretaket mellom ulike spesialistar innan psykiatri, nevrologi og fysikalskmedisin.
Vi har eit godt tverrfagleg miljø, med faggruppene lege, psykolog, vernepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, barnevernspedagog, sosionom og spesialpedagog. Alle tilsette har relevant vidareutdanning eller spesialisering. Arbeidsforma er både poliklinisk og ambulant, tilpassa pasienten sine behov.
I dag har vi våre lokaler på Årø i Molde, rett ved flyplassen. I 2024 flytter vi inn i psykiatri- og habiliteringsbygget i SNR Hjelset. Startdato kan avtalast.
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV