Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Kirurgisk avdeling har tre overlegestillingar i urologi, ein av desse blir no ledig. Oppstart i stilling etter nærare avtale frÅ november månad. 

Kompetanse i generell kirurgi er ønskjeleg, men ingen føresetnad. Kirurgisk avdeling har ansvar for urologiske problemstillingar i Helse Førde med befolkningsgrunnlag på omlag 109 000 innbyggjarar.

I det daglege arbeid har urologar morgonmøte i fellesskap med den øvrige avd. der gen. kir. gastroent. kir., mammakir. og plastikkir. er aktuelle fagområder.

Meir informasjon om Helse Førde finn du her.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver er poliklinikk og operativ urologi, avdelingsarbeid og opplæring av utdanningskandidatar
  • Avdelinga handterer alle urologiske oppgåver med unntak av radikal prostatectomi og cystectomi

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, spesialistkompetanse i urologi
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å samarbeide med andre, teamkjensle
  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt  

Vi tilbyr

  • Løn etter ansiennitet og overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Helse Førde hjelper med å skaffe bustad
  • Godt arbeidsmiljø

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Frøydis Hustveit
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 906 90 835
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgisk avdeling, Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen