Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Barn- og ungdomsavdelinga er ein del av medisinsk klinikk og omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødtintensiv eining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet. Avdelinga har ei 100 % stilling som LIS 2/3 ledig frå 01.10.2023 til 31.12.2024, med moglegheit for forlenging.
Vi har for tida 9 overlegestillingar og 7 legar i spesialisering. Barn sengeeining har 10 senger for barn 0-18 år og nyfødtintensiv eining har 8 senger for sjuke nyfødde og premature frå 28 veker. Nyfødtintensiv flytta inn i nyoppussa lokaler hausten 2022. Vi dekkjer også sjukehuset si barnehabiliteringsteneste.
Vi har godt samarbeid med Universitetssjukehusa i Bergen og Stavanger. Avdelingen deltar i desentral undervising av medisinarstudentar frå Universitetet i Bergen. Vidareutdanning vil skje ved henholdsvis Haukeland Universitetssjukehus eller Stavanger Universitetssjukehus etter nærmare avtale.
Velkommen til Haugesund!
Haugesund er ein by der du kan oppleve noko av det beste Norge har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord- og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie.
Byen har eit rikt liv med fleire festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing. Haugesund er ein by med mange opplevingar på menyen.
Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane. Bergen når du på ca 3 timar, medan Stavanger bare er 1,5 time unna. Haugesund / Karmøy har eiga lufthamn med fly til nasjonale og internasjonale destinasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid ved sengeeining barn, nyfødtintensiv og poliklinikk Haugesund
- Delta i utgreiing og behandling
- Deltaking i undervisning
- LIS-legane går i 7-delt tenesteplan, med aktive vakter
Kvalifikasjonar
- Søkaren må ha gjennomført LIS1 eller tilsvarande
- Norsk autorisasjon
- Må beherska norsk munnleg og skriftleg.
- Erfaring frå LIS-stilling ved barneavdeling blir vektlagd
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Gode kommunikasjonsevner
- Må trivst med teamarbeid
- Sjølvstendig og strukturert
- Fleksibel og arbeidssam
- At søkaren er personleg eigna og har gode samarbeidsevner vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Eit godt kollegialt miljø
- Høgt fagleg nivå
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Språk