Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

I medisinsk klinikk, Haugesund sjukehus, er det frå 1. mars 2024 ledig  4 faste stillinger og 1 vikariat som lege i spesialisering. Me har behov også pr no og tidlegare oppstart er difor sterkt ønskjeleg

Avdelinga er aktiv og har stort fokus på fag og utdanning.

Læringskurva er bratt, ein tilegnar seg raskt god kompetanse i det indremedisinsk fagfeltet.

Stillingane føreset deltaking i pr. no 16 - delt vaktlag.

Legar som ventar på LIS 1 teneste, oppfordrast også til å søkja, avdelinga kan ha nytte av slike legeressurser også.

Medisinsk avdeling inkluderer Hjerte- og lungeavdeling, Avdeling for Eldremedisin, Medisinsk Avdeling A og Medisinsk Avdeling B. Avdelinga er godkjend som utdanningsavdeling for generell indremedisin, kardiologi, geriatri, lungesjukdomar, gastroenterologi, nefrologi, endokrinologi og blodsjukdomar. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid ved sengeeining,
  • Delta i utgreiing og behandling
  • Delta i tilstedevakt, pt. 16-delt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Gjennomført turnusteneste/LIS1-teneste
  • Relevant erfaring frå LIS-stilling på sjukehus blir vektlagd
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Evne til å ta sjølvstendige avgjersler

Vi tilbyr

  • Eit godt kollegialt miljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Løn etter gjeldande overeinskomst

 

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Borghild Aakra
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 48159445
E-post: borghild.aakra@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk klinikk, Helse Fonna HF
Karmsundsgt 120
5528 Haugesund