Kort om arbeidsgiver
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Barne- og ungdomsavdelinga (BUA), Førde sentralsjukehus har ledig 100% vikariat for LIS 2/3 frå 02.10.2023 - 06.03.2023.
Barne- og ungdomsavdelinga (BUA) er ei generell pediatrisk avdeling som tek imot nyfødde og premature f.o.m gestasjonsalder 31, yngre etter dei er behandla og stabilisert ved regionsjukehus. Elles har avdelinga alle barn og unge frå 0-16 år - kronikarar til 18 år. BUA jobbar for å heve aldersgrensa for alle unge til 18 år i tråd med nasjonal Ungdomshelsestrategi.
BUA har, i tillegg til sengepost, poliklinikk, habiliteringstilbod og ambulerande poliklinisk teneste til Lærdal og Eid.
Arbeidsgjevar har ansvar for spesialiseringsløpet. Delar av LIS3-tenesta føregår på regionsjukehus, som regel anten
ved HUS eller SUS.
Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstilande politiattest
(vandel), jfr Lov om helsepersonell §20a (gjeld arbeid med barn og
utviklingshemma).
Vi søkjer deg som er genuint opptatt av faget, og som på sikt vil styrke vårt team av dyktige overlegar.
Arbeidsoppgåver
- Visittarbeid ved sengepost, vakt og poliklinikk utgreiing og behandling av barn i alder 0 til 16 år (18)
- Legar i spesialisering arbeider breitt og i stor grad sjølvstendig, under tilsyn og rettleiing av overlege
- LIS deltek aktivt i høve undervisning i avdelinga, samt i prosjekt- og utviklingsarbeid som BUA er ein del av.
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som lege
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Erfaring frå arbeid med barn og unge i Barne- og ungdomsavdeling vil bli føretrekt
Personlege eigenskapar
- Utadvendt
- Strukturert
- God kommunikasjonsevne med barn og pårørande
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Samarbeidsvillig
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg kr 30.000,-
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
- Langtidsplanlegging av arbeidstid, fråvær (som t.d ferie) og oppgåver
- Grundig opplæring ved oppstart.
- Tett, trygt og godt samarbeid med spesialist i barnesjukdommar, erfarne pleiarar og leiing
- Spennande og bredt fagområde der ein får prøve seg i praksis i mange forskjellige prosedyrer og situasjonar
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.