Psykisk helsevern for barn og unge er sett saman av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utredningseining i Ålesund og ei familieeining i Molde.
Vi har ledig fast overlegestilling for spesialist i barne- ungdomspsykiatri ved akutt- og utredningseininga i Ålesund frå snarast.
Akutt- og utredningseininga er samlokalisert med poliklinikken i Ålesund. Vi arbeider for eit felles fagmiljø og ein kan få oppgåver knytta til poliklinikken..
Døgnseksjonen, Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund, har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal.
Vi tek imot pasientar med psykiske lidelsar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog).
Arbeidsdagane på akutteininga er varierte både i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidsmengde, og vi kan ha rolegare periodar der ein har rom for fagleg utvikling.
Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten og du vil jobbe tett saman med andre behandlarar og miljøterapeutar. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.