Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Du finn Volda midt i det beste som Noreg kan by på av fjord og fjell. Her kan du oppsøke dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med fleire daglege flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY
For Lege i spesialisering (LIS2) har vi ledige vikariat frå 01.09.2023 - 29.02.2024. Det kan avtalast tidlegare oppstart.
Medisinske legar er organisert i Klinikk Volda, og vi har 10 stillingar for overlege, 10 stillingar for LIS2/3 og 8 stillingar for LIS1.
Vi er ein indremedisinsk seksjon med akuttfunksjonar, og med spesialistfunksjonar innan gastroenterologi, kardiologi, endokrinologi, hematologi, geriatri og lungemedisin. Dette er eit godt fungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering.
Opptaksområdet er Søre Sunnmøre med omlag 50 000 innbyggjarar.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for pasientar på medisinsk sengepost, poliklinikk og medisinske overvakingssenger på felles intensivavdeling
- Mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak
- Delta i etablerte vaktordningar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå indremedisinsk arbeid
- Gode faglege kvalifikasjonar, engasjement og arbeidsglede
- Godkjent LIS1
Personlege eigenskapar
- Den som vert tilsett må meistre norsk språk skriftleg og munnleg
- Evne og vilje til å arbeide tverrfagleg
- Gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår