Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger tilbyr spesialistutdanning som dekkar heile utdanningsløpet i pediatri. Avdelinga sørger for ein barnepopulasjon på omlag 86.000 born i alder 0-18 år. Avdelinga består av sengepost barn og ungdom 3E/4D, nyføddintensiv 3D og barne- og ungdomspoliklinikken. Nyfødtintensiv mottar nyfødde med behov for intensivbehandling frå heile Rogaland og har eit pediatrisk transportteam i samarbeid med NLA/Sea-King redningsteneste.
Der er omlag 2500 innleggingar pr år korav omlag 750 ved nyføddintensivavd. Sjukehuset har ca 4500 fødslar årleg. Der er ein godt utbygd poliklinikk for barn og ungdom, med omlag 18 000 konsultasjonar pr år innan alle pediatriske fagfelt. Avdelinga underviser medisinerstudentar frå Universitetet i Bergen både som periodisk utplassering og frå hausten 2023 "Vestlandslegen" i tillegg. Fleire av legane ved avdelinga driver aktiv forsking, og der er tilbod om forskingsrettleiing. Overlegane er organisert i faggrupper med fagansvarlege overlegar. På avdelinga har vi psykologar som jobbar i CL-team og eit barnepalliativt team i samarbeid med barnehabiliteringa. Vi jobbar tett tverrfagleg med mange ulike yrkesgrupper.
Det er no ledig eit 6 månaders LIS-vikariat ved avdelinga med snarleg oppstart samt eit 12 månaders LIS-vikariat frå 01.12.23. Begge vikariat med moglegheit for forlenging. Ved intern tilsetjing kan det bli andre ledige vikariat.
Avdelinga har utdanningsansvarleg overlege, og nye LIS går gjennom eit grundig introduksjonsprogram med opplæring og følgevakter. Det vil bli utarbeida ein individuell utdanningsplan før tilsetjinga.
Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Ein bed om at det blir oppført om ein følger ny eller gammal utdanningsordning for legar. Dersom ein har teljande teneste frå før, er det ønskeleg at ein oppgjev kor lang tid ein har att til spesialitet. Stillinga vert lyst ut på www.legejobber.no.
Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedlegges søknaden.
Mangfoldserklæring
Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å gjenspegla mangfoldet i befolkninga i vår rekruttering. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søka ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Foretaksgruppa Helse Vest ønsker å legga til rette for ei inkluderande rekruttering.