Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Vi har ledig vikariat hausten 2023 for lege i spesialisering (LIS 2/3)  innan fødselshjelp og kvinnesjukdom ved kirurgisk klinikk, seksjon for gynekologi i eit 6 måneders vikariat. Stillinga inngår i 8-delt tilstadevaktteneste. Mogleg forlenging. Anna vikariat kan bli ledig, skriv i søknaden om dette er av interesse.

Den som blir tilsett vil få individuell utdanningsplan.

Seksjonen har 10 overlegestillingar og 8 LIS-stillingar. Avdelinga har 1300 fødslar årleg med fødande frå Haugesundsregionen, samt risikofødslar frå Stord og Odda. Avdelinga har høg kvalitet i både gynekologi og fødselshjelp. Fertilitetseininga ved Helse Fonna er mellom dei fremste i landet.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid i fagområdet fødselshjelp og kvinnesjukdommar.
  • Inneber arbeid med både gynekologi og obstetrikk.

Kvalifikasjonar

  • Relevant sjukehuserfaring vil bli vektlagd.
  • Gyldig norsk autorisasjon som lege.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert.
  • Sjølvstendig.
  • Nøyaktig.
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team.
  • Gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift).
  • Fagleg og personleg utvikling.

 

Mangfaldserklæring
Helse Vest HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Ingvild Svåsand
Tittel: funksjonsleder
Telefon: (+47) 52732000
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Gynekologisk seksjon Haugesund, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund