Kort om arbeidsgiver
Lindås legekontor
Legetenesta er organisert under tenesteområde Lege- og rehabiliteringsteneste. Avdelinga består av 8 legekontor lokalisert på Manger, Frekhaug, Knarvik, Lindås og Ostereidet.
Om avtalen og kontoret
Alver kommune har ledig fastlegeavtale knytt til pasientliste ved Lindås legekontor. Legekontoret er eit av 8 legekontor i kommunen. Heimelen er i utgangspunktet knytt til næringsdrift, men Alver kommune kan vurdere tilsetting på fastløn dersom det er ønskjeleg.
Lindås legekontor er eit kontorfellesskap med 3 legar som er sjølvstendig næringsdrivande legar. Det er også ein LIS 1 lege ved kontoret. Legen som blir tilsett får utbetalt basistilskot etter § 8.1, og pasientlista er pr no på 1100 pasientar. Kommunen står pr. i dag som eigar av fastlegelista og det er ikkje naudsynt å løyse inn praksisen om ein ikkje ønskjer det. Det er mogleg å leggje tilrette for ALIS - legar i stillinga.
Lindås legekontor er velutstyrt og har store kontorlokale på det lokale kjøpesenteret. Legekontoret ligg i same etasje som tannlege, kiropraktor, og helsestasjon. Personalet på forkontoret er stabilt, og vi har tilsett både sjukepleiar og helsesekretær med god kompetanse. Vi har driftskoordinator som tar hand om drift av kontoret. Legekontoret nyttar Infodoc journalsystem etter avtale med kommunen. Legane ved Lindås legekontor har eigen økonomisk avtale med kommunen som omfattar husleige og kommunalt tilsett hjelpepersonell. Som lege har du derfor ikkje arbeidsgjevaransvar.
For ALIS - legar (allmennlege i spesialisering): kommunen tilbyr forutsigbart utdanningsløp med rettleiing, supervisjon og læringsaktivitetar. Alver kommune er registrert utdanningsverksemd
Offentlege allmennmedisinsk arbeid og legevakt:
Du vil delta i interkommunal legevakt ved Nordhordland legevakt på kveld, helg og natt. Nordhordland legevakt er lokalisert i Knarvik. I gjennomsnitt vil du ha to vakter der i månaden, og du får då betalt timesats for arbeidet du gjer der.
Det kan bli aktuelt med allmennmedisinsk arbeid ein dag i veka - til dømes på sjukeheim eller helsestasjon. I så tilfelle vil pasienttalet på lista kunne reduserast etter avtale.
Alver kommune har nyleg vedtatt plan for legetenesta for 2023 - 2026- Du kan lese meir om den her:
Plan for legetenesta i Alver kommune (apppublishframsikt-staging.azurewebsites.net)
Arbeidsoppgåver
Arbeid som fastlege, med ei godt ivaretatt fastlegeliste med 1100 pasientar
Du må også kunne delta i gjensidig fråversdekning ved legekontoret
Kompetanse
Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo
Fullført LIS 1 ved oppstart
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette
Spesialist i allmennmedisin eller villig til å gjennomføre spesialistutdanning
Det er ønskjeleg med erfaring frå fastlegepraksis
Personlege eigenskapar:
Vi ønskjer deg som er interessert i arbeid med variert allmennpraksis, og som ønskjer å vere ein stabil ressurs for pasientar og medarbeidarar. Vi søkjer ein lagspelar som ser at det er viktig med godt samarbeid, både fagleg og for å bevare eit godt arbeidsmiljø. Du er god på kommunikasjon og har god dialog både med kollegaer og pasientar.
Ta kontakt!
Høyrest dette interessant ut? Du er hjarteleg velkommen til å ta kontakt for samtale og eventuelt komme innom på omvisning. Ta i tilfelle kontakt med fastlege
Marit Johnsen: marit.johnsen@alver.kommune.no, eller fastlege
Nirthiga Srikanthan : nirthiga.srikanthan@alver.kommune.no for nærmare avtale.
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod.
Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av sentralt avtaleverk, ASA 4310
I tråd med helse - og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Gode vilkår som sjølvstendig næringsdrivande
Dersom du heller ønskjer å være kommunalt tilsett fastlege er dette noko vi kan leggje tilrette for.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.