Vi ved Seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledige inntil 2 vikariat for Lege i spesialisering innan indremedisin med tilsetting frå snarast og i 6 mnd og med gode høve til forlenging.
Medisinsk avdeling er den største avdelinga ved Ålesund sjukehus. Den inneheld 3 sengepostar, poliklinikkar, dialyseining og intensivsenger. Avdelinga har fagseksjonar innanfor nyresjukdomar, lungesjukdomar, blodsjudomar, hjartesjukdomar, diabetes- og stoffskiftesjukdomar, mage/tarmsjukdomar, intensivbehandling og infeksjonssjukdomar samt alderssjukdommar og hjerneslag. Vi har fra mars endret til 16-delt vakt med kortare nattevakter og dobling av vakt på fleire timar i døgnet. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstades heile døgnet og seksjonert bakvakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt.
Seksjonen set godt arbeidsmiljø, samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. Intern omrokkering kan også gje andre ledige stillingar. Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!
Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant ogriktkulturlivmed konsertar og festivalar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommar ogvinter,som toppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Vil du lese meir om regionen vår, sjå her!
Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.