Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledig 100% vikariat for lege i spesialisering innan barnesjukdommar!

Dette vikariatet er ei dagstilling uten vakter med oppstart frå snarast tom 31.12.23 med mogelegheit for forlenging.

Avdeling for barnemedisin og habilitering har ansvar for barnemedisinske pasientar frå GA 26 veker-18 år i heile fylket. Vi har spesialistar som dekkjer alle subspesialitetar innan barnesjukdomar. Avdelinga har til saman seks seksjonar som er lokalisert i Ålesund, Molde og Kristiansund.

I Ålesund finn ein sengepost for barn og ungdom, nyfødd intensiv, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom og habiliteringseining. Avdelinga i Ålesund er lokalisert i eit eige bygg og er organisert som eit barnesenter. Vi har her tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt for neonatolog. Primærvakt er for tida 8-delt, generell bakvakt 8 delt og tertiærvakt 5 delt. 

Du er velkomen som søkjar.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i dagleg postarbeid med visittgang, mottak og utskrivelse av pasientar

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Fortrinnsvis godkjent del 1 av spesialistutdanninga (LIS 1) eller turnusteneste etter gammal ordning 
  • Mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fokus på god spesialistutdanning
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Christine Vaksdal Nilsen
Tittel: Seksjonsleder (lege)
Telefon: +47 70 16 76 45
E-post: Christine.Vaksdal.Nilsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Legar barn og ungdom Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 1
6017 Ålesund