Kort om arbeidsgiver
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
I Ålesund kommune lyser vi no ut to ledige fastlegeheimlar ved eit heilprivat legesenter, Ålesund legesenter.
Legesenteret: Ålesund legesenter held til i Korsegata midt i Ålesund sentrum, og er ein veldreven 2-legars praksis. Den eine heimelen er no ledig, og ein vel å utvide til ein 3 legars praksis, der dei nye listene vil ha omlag 950 pasientar, med eit listetak på 1200.
Kontorfasilitetane er gode og romslege, og lokala godt tilrettelagde.
Om stillingane:
- Sjølvstendig næringsdrivande
- Listetak på 1200
- Deltaking i interkommunal legevakt
- Journalsysem; CGM
Vilkår for tildeling av heimel etter retningslinjer frå legeforeningen. Det er ingen moglegheit for å opparbeide seg goodwill på listene, men det er heller ingen kostnadar knytt til å overta heimlane. Dersom ein skulle ynskje å overta heile den opprinnelege lista på 1950 listepasientar så er dette mogleg.
Er du interessert i å vere fastlege i Ålesund så oppmodar vi deg til å søkje, sjølv om du kanskje har andre forventningar til driftsform/ type kontor. Vi har fleire moglegheiter i Ålesund sentrum for den som ynskjer å vere fastlege, og dersom ein ikkje lykkast med rekrutteringa på dei to ledige listene, vil ein vurdere moglegheit for flytting til anna lokasjon.
Etter avtale mellom legen og Ålesund kommune kan legen tilpliktast offentleg arbeid på inntil 20 % stilling, med minimum 6 mnd. varsel.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om stillingane.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS1 i Noreg
- Gode kommunikasjon -og samarbeidsevner
- God kunnskap om norsk lovverk
- Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Ynskjeleg med sjølvstendig vaktkompetanse.
- Overtaking av fastlegeheimel føreset framlegging av tilfredstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
- Personleg egna for stillinga vil bli lagt stor vekt på
- Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legesenteret
- Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
- Evne til å jobbe i team
- Evne til fleksibilitet
- Godt humør og positiv framtoning
- God arbeidskapasitet
Vi tilbyr
Ålesund kommune er godkjent utdanningsvirksomhet, og vil legge tilrette for spesialisering i allmennmedisin. Som LIS lege vil du få tilbod om ein ALIS avtale. Kommuna har ulike hjelpande tiltak ein kan setje inn i oppstarten for nyutdanna lege i privatpraksis.