Ved BUP Stord, Husnes-/Odda kontoret har vi ledig fast LIS 3-stilling. Stillinga kan og vera aktuell som praksis for spesialiseringsløp i t.d. allmennmedisin.
BUP Stord gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet vårt består av 6 kommunar (Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad og Ullensvang ).
BUP Stord er organisert saman med Stord DPS under felles leiing, og er inndelt i 4 team. Ved poliklinikken er det 25 fagstillingar. Husnes-/Odda kontor er utekontor for BUP Stord som skal gi tilbod til pasientar frå Ullensvang og og Kvinnherad. Det er per i dag tre fagstillingar og ein merkantil med fast kontorstad på Husnes, og 3 fagstillinger ved Odda-kontoret. Alle er knytta til team på BUP Stord. På Stord er det eit breitt tverrfagleg fagmiljø, med god overlege- og spesialistdekning.
LIS3 deltek fast på teammøter, samt internundervisning ein gong i veka.
Overlegegruppa er stabil og lokalt forankra, og LIS vil ha fast veileder, følge både LIS-undervisning og internundervisning, samt arbeide i eit kompetent og tilgjengeleg tverrfagleg fellesskap. Vi legg opp individuelt tilpassa utdanningsløp, med vektlegging av eigne faglege interesseområder - sjølvsagt i samsvar med overordna utdanningskrav.
Vi søkjer entusiastiske og fagleg interesserte legar som vil vere med å utvikle og forme barne- og ungdomspsykiatrien i Helse Fonna.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga!
Mangfaldserklæring
Helse Vest HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi
oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn,
alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein
har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.