Kort om arbeidsgiver
Ørsta kommune har om lag 11 000 innbyggjarar. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og eit rikt næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen. Vi har eit rikt kulturliv og flotte moglegheiter til variert frilufstliv, frå varierte turar i Sunnmørsalpane til havet ytst på Søre Sunnmøre.
I Ørsta kommune er det ledig fastlegeheimel lokalisert ved Ørsta helsesenter. Heimelen har per i dag eit listetak på 500, men dette kan aukast.
Ørsta helsesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap som har samarbeidsavtale med kommunen. Vi held til i nye, moderne lokale i Ørsta sentrum. Det er eit godt fagleg og sosialt miljø ved legesenteret, med fast møtestruktur for fagleg utvikling. Andre kommunale helsetenester er lokalisert i same bygg.
Legesenteret har 15 fastlegeheimlar og to stillingar for LIS 1. Det er mange erfarne legar på legesenteret som har jobba her lenge, noko som har gitt eit godt og stabilt miljø. Det same gjeld hjelpepersonellet. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin, eller dei er i slik spesialisering. Dersom det er aktuelt for deg, vil du få tilbod om ALIS-avtale.
Tildeling og overdraging av heimelen skjer i samsvar med pkt. 5.5 og 5.6 i ASA 4310 -
Rammeavtale mellom KS og Den norske legeforening om allmennlegepraksis i fast legeordningen i kommunene. Det er sterkt ønskeleg at du går inn som næringsdrivande lege i AS'et på dei same vilkår som gjeld for dei andre legane.
Kommunen har eigne sjukeheims- og helsestasjonslegar, og vi har kommuneoverlege i 100 % stilling
Legevakt på dagtid (8.00-15.30) er organisert på legesenteret. Utanfor vanleg opningstid er legevakt lokalisert i nye, flotte lokale i Hovdebygda. Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid, der det alltid er sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktsbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna. Det er mange legar som deler på vaktene, så vaktbelastninga er ikkje stor.
Arbeidsoppgåver
Fastlegeoppgåver i samsvar med lov- og avtaleverk.
Dette inkluderer
- deltaking i legevakt i samsvar med fastlegeforskrifta
- ved behov, kommunale allmennlegeoppgåver i samsvar med fastlegeforskrifta §12
Kvalifikasjonar
Du må
- oppfylle krava i Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten
- uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- ha førarkort klasse B
- legge fram politiattest av nyare dato før oppstart
Dersom du ikkje er spesialist i allmennmedisin vil du få tilbod om ALIS-avtale
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein lege som
- er fagleg engasjert og ønsker å vere med på å utvikle fastlegetenesta i kommunen
- samarbeider godt både internt og eksternt
- ønsker å bidra i det kollegiale felleskapet på legekontoret
- er opptatt av å skape gode pasientmøte
- ser verdien av tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
- nye og trivelige lokalitetar
- ALIS-avtale for deg som ikkje er spesialist i allmennmedisin
- godt kollegialt fellesskap både fagleg og sosialt
- ei god blanding av erfarne og nye fastlegar
- ny og moderne legevakt på kveld, helg og natt
- god avtale som næringsdrivande lege