Nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat for lege i spesialisering i Nevrologi. Oppstart for vikariatet er 01.10.2023 (eller etter avtale), med 6 månaders varigheit. Arbeidet kan telje som del av spesialistutdanninga i Nevrologi for kandidatar som har gjennomført LIS1-teneste, og det er gode høve til forlenging av vikariat. Cand.med. kan og søke og blir vurdert for tilsetting i påvente av LIS1-plass, dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar.
Nevrologisk avdeling driv akuttbehandling, kompleks utgreiing og rehabilitering av nevrologiske lidingar. Avdelinga har akuttpost med 30 senger (inkludert slageining), rehabiliteringspost for ryggmargsskader, dagpost og poliklinikk. Nevrologisk avdeling samarbeider med dei andre akuttavdelingane om mottak av akuttpasientar i felles akuttmottak. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Avdelinga har 14-delt LIS-plan, og samla om lag 30 legeårsverk.
I avdelinga arbeider LIS i team med overlegar, sjukepleiarar og personell frå fleire tverrfaglege grupper, som kvar dag gjer sitt beste for å gje pasientane god utgreiing og behandling. Det gode samarbeidet mellom dei ulike yrkesgruppene er avgjerande for resultatet og vi jobbar støtt med å forbetre arbeidsprosessane. I Nevrologisk avdeling har vi også eit av landets fremste forskingsmiljø innanfor nevrologi, og gode høve for å kombinere klinisk spesialisering og forsking i tilpassa løp. Kvar LIS får eigen rettleiar. Vi legg vekt på at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig. LIS får tidleg erfaring med poliklinisk utgreiing og oppfølging, under tett supervisjon frå erfarne spesialistar. Det vert lagt til rette for deltaking i LIS-kurs.
Avdelingssjefen er leiar for legegruppa og arbeider saman med legekollegiet for å skape eit trygt og sterkt fag- og arbeidsmiljø. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette.
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.